8 Prosess for val
Alle aktuelle kandidatar skal levere ein CV med dokumentasjon på kompetanse og erfaring. CV vert sendt til møtesekretær for valutvalet
Valutvalet vurderer aktuelle kandidatar ut frå
- Kompetanse
- Erfaring
- Personlege eigenskapar og engasjement
- Ha tid til styrejobben
- Samansetjing av styret - ulik og supplerande kompetanse innanfor økonomi, organisasjon, fagleg innsikt og god kjennskap til føremålet med selskapet.
- Sentrale leiarar kan som hovudregel ikkje veljast inn i styret i kommunalt eigde selskap. Sentrale folkevalde er i dette høvet definert til å vera medlem i formannskapet
- Sentrale leiarar kan som hovudregel ikkje veljast inn i styret i kommunalt eigde selskap - kommunedirektøren og kommunalsjefar. Dette gjeld likevel ikkje oppgåvefellesskap eller andre samarbeidsformer som er administrativt koordinert, og der formelle avklaringar og prinsipp skal til politisk behandling
- Habilitet - vurdera om medlemmene kan komme i lojalitets- og interessekonfliktar
- Kjønnsbalanse – ulike reglar for aksjeselskap og selskap der kommunen er deleigar