Førehandsstemming

Du kan førehandsstemme frå 11. august til og med 5. september til:

  • Stortingsvalet
  • Sametingsvalet

Du kan førehandsstemme i den kommunen du sjølv ønskjer. Dersom du førehandsstemmer i ein annan kommunen enn der du er innført i folkeregisteret, må du gjere dette så tidleg at stemma når fram til heimstadkommunen din gjennom posten innan valdagen. 

Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon som syner bilete, namn, og fødselsdato (t.d. pass, førarkort (også digitalt), nasjonalt ID-kort, eller bankkort med bilete). 

Her kan du førehandsstemme

  • Bibliotekshagen - Sartor Storsenter
    NB! Bibliotekshagen ligg i eige lokale ved sida av butikken Feel
  • Innbyggartorget og biblioteket - Sund Senter
  • Innbyggartorget og biblioteket - Rong Senter

 

I tillegg kan du særskilde dagar stemme på helseinstitusjonane og dei vidaregåande skulane i kommunen.

Opningstider for førehandsstemming

Tal på mottatte førehandsstemmer i Øygarden

 Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023 var det registrert 9411 førehandsstemmer, medan det for stortingsvalet 2021 var registrert 13055 førehandsstemmer.