Måndag 8. september er det stortingsval. Du kan stemma ved 13 ulike vallokale mellom kl. 09.00 - 21.00.
NB! Ein kan ikkje stemma på valdagen til sametingsvalet.

Bruk heile opningstida
Det er vanlegvis mange som stemmar på ettermiddagen, etter jobb, så stem gjerne på andre tidspunkt dersom du har høve til det. Då unngår du kø både i vallokalet, på vegane, og når du eventuelt skal parkere.
Det er parkeringsplass utanfor eller i nærleiken av alle vallokala våre.
Lett tilgang for alle
Vallokala er universelt utforma og har eige avlukke som er lagt til rette for rullestolbrukarar, blinde og svaksynte.
Du kan på valdagen stemme i kva som helst av vallokala i kommunen. Det er berre innbyggjarar i kommunen som kan stemma i vallokala våre på valdagen.
Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon (t.d. pass, førarkort (også digitalt), nasjonalt ID-kort, eller bankkort med bilete).
Oversikt over vallokale på valdagen 8. september
Sist endra 03.03.2025 16.15