Kva stemmer du på ved stortingsvalet og sametingsvalet

Ved å stemme til stortingsvalet er du med på å bestemme kven som skal vera representantar på Stortinget i dei neste fire åra. 

Ved å stemme til sametingsvalet (du må stå i samemanntalet) er du med på å bestemme kven som skal vera representantar i Sametinget i dei neste fire åra.

Stortingsvalet

Når du stemmer ved stortingsval, er du med på å bestemme kva for 169 personar som skal sitja i Norge si lovgjevande, løyvande og kontrollerande forsamling dei neste fire åra. Alle stortingsrepresentantane representerer eit valdistrikt, og er valt inn frå eit parti. 

Stortinget vedtek lovane vi skal leva etter i Norge. Dei bestemmer også korleis staten skal få sine inntekter og korleis pengane skal fordelast i samfunnet. Stortinget kontrollerer også regjeringa.

Fordeling av mandata for stortingsvalet 2025.

 

Sametingsvalet

Det er sametingsval i Norge kvart fjerde år. Alle samar som er registrerte i valmanntalet til Sametinget, har stemmerett. Sametinget er øvste valmynde og er det folkevalde parlamentet for det samiske folket i Norge og er eit sjølvstendig folkevald organ. Kvar valkrins får tildelt mandat etter talet på manntalsførte i krinsen. Til saman blir det valt 39 representantar frå heile landet.

Sametinget arbeider for at samane skal få sikra og utvikla sine språk, sin kultur og sitt samfunnsliv.