Det er mogleg å tidlegstemme frå 1. juli til og med 8. august.
Kven kan tidlegstemme?
Ordninga gjeld alle veljarar. Tidlegstemmegjeving er meint som ei ordning for dei som ikkje har høve til å stemme på førehand innanfor ordinær periode for førehandsstemming eller på valdagen. Det vert likevel ikkje kravd at veljaren må dokumentere at han ikkje har høve til å førehandsstemme eller stemme på valdagen.
Vi gjer merksam på at ved tidlegstemming er ikkje dei ordinære stemmesetlane klare. Stemmesetlane som vert brukt ved tidlegstemming inneheld berre namn på alle registrerte politiske parti i Noreg. Dersom du ønskjer å stemme på eit parti/gruppe som ikkje står på stemmesetelen, skriv du namnet på partiet/gruppa i det blanke feltet på stemmesetelen.
Kvar kan ein tidlegstemme?
Du kan tidlegstemme innanfor ordinær opningstid på Innbyggartorget og biblioteket på Sartor Storsenter. Hugs å ta med gyldig legitimasjon!
Sist endra 20.02.2025 16.22