Sametingsvalet 2025

Sametinget er øvste valmyndigheit ved val til Sametinget. Ved sametingsval er landet delt inn i 7 valkrinsar, og Vestland høyrer til krins 7: Lulli-Norgga válgabiire/Sør-Norge valkrins. I Øygarden kan ein berre stemma på sametingsvalet i førehandstemmeperioden. 

I Øygarden kommune er det færre enn 30 manntalsførte i samemanntalet og difor har kommunen berre høve til å ta i mot førehandsstemmer til sametingsvalet. Ein kan altså ikkje stemma til sametingsvalet på sjølve valdagen 8. september. Dei som er registrert i valmanntalet vil motta valkort.

 

Slik stemmer du ved sametingsvalet.

 

Oversikt over stad og opningstider for førehandsstemming til sametingsvalet og stortingsvalet.