Trygg i fellesskap

Blir du mobba? 

Alle barn og unge har rett til å ha det bra i barnehagen og på skulen. Om du blir mobba eller plaga er det viktig at du fortel det til ein vaksen. Om du synest det er vanskeleg eller flaut å fortelja om det, er du ikkje åleine. Det er heilt normalt. Men det hjelper ikkje å halde det for seg sjølv.

Du kan ta kontakt med læreren din, helsesøster, dine føresette, vener, trenar eller andre du kjenner. På nettsida nullmobbing.no kan du lesa meir om korleis du kan seia ifrå eller kven du kan snakka med.

Trygg i fellesskap-modellen

Trykk på rutene i modellen under for å lære meir om områda i modellen.

Informasjon om førebygging, avdekking, handtering og etterarbeid under områda i Trygg i Fellesskap-modellenInformasjon om førebygging under området barn/unge i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om avdekking under området barn/unge i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om handtering under området barn/unge i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om etterarbeid under området barn/unge i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om førebygging under området føresette i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om avdekking under området føresette i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om handtering under området føresette i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om etterarbeid under området føresette i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om førebygging under området skule i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om avdekking under området skule i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om handtering under området skule i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om etterarbeid under området skule i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om førebygging under området barnehage i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om avdekking under området barnehage i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om handtering under området barnehage i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om etterarbeid under området barnehage i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om førebygging under området fritid i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om avdekking under området fritid i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om handtering under området fritid i Trygg i fellesskap-modellenInformasjon om etterarbeid under området fritid i Trygg i fellesskap-modellen

Trygg i fellesskap

Kunna - vilja - våga - stoppa mobbinga

Vi har ei rekkje program som legg til rette for å sikra barn og unge eit godt psykososialt miljø.

Målsetjinga til TRYGG I FELLESSKAP er å førebyggja og å redusera omfanget av mobbing generelt i Øygarden kommune – og å sikra at mobbing vert avdekt og handtert godt av alle som er i relasjon til barn og unge.

Følg TRYGG I FELLESSKAP på Facebook

Kva er mobbing?

Mobbing er handlingar frå vaksne eller barn/ungdom som krenkjer opplevinga til ein person av å høyra til og vera betydningsfull for fellesskapet.

Mobbing kan vera mange ulike ting. Nettsida Nullmobbing.no gjer gode eksempel på kva mobbing kan vera.

Innsatsteam mot mobbing

Innsatsteamet er et veiledningsteam. Teamet skal bidra til at barn og unge i Øygarden kommune skal ha ein trygg og god oppvekst.

Ta kontakt og les meir om innsatsteam mot mobbing