Informasjon om sjukdom

Sjukdom rammer barn ulikt. Når nokon får ein lett variant, kan andre bli helt slått ut. Derfor er det vanskelig å seie noko heilt sikkert om kor mange dagar barnet må vente før det er friskt nok til å gå i barnehagen – sjølv om det ikkje lenger er smittsomt. Dermed er det altså allmenntilstanden som avgjer.

Sjølv om allmenntilstander er god må vi ha nokon reglar grunna smittefare, barnet kan komme i barnehagen igjen når det er gått:

  • 24 timar etter feber
  • 48 timar etter siste bleie/oppkast

Dersom allmenntilstanden er god, dette er ein heilhetsvudering. Dere foreldrene kjenner barna deres best, og ser raskt om dei ikkje er i form. Mange blir trøtte, har mindre energi og mindre matlyst. Det er strevsomt å vera i barnehagen heile dagen. Så for å henge med, må man vera i form.

Vanleg sjukdom hos barnehagebarn

Når barnehagen ringer og seier at barnet er syk

Nokon ganger får man som foreldre telefon frå barnehagen om at barnet er sjukt og må hentast.

Dersom ansatte i barnehagen ser at barnet blir dårligere, er det viktig at dei sier ifrå til foreldrene. Og ofte er det nødvendig at barna blir hentet. Sjuke barn skal ikkje vera i barnehagen. Spesielt viktig er dette ved oppkast og diaré. Da må barnet bort frå barnehagen så raskt som mogleg for å begrensa smittefaren for dei andre barna.

Heime med sjukt barn - igjen!

Særlig dei første par åra i barnehage verker det som om barnet blir smitta av kvart eineste virus som er innom barnehagen. Det er slitsomt både for barnet og foreldrene, og det er ikkje alltid så enkelt å måtte vera heime frå jobben – igjen!

Når man har eitt barn kan man vera heime med det ved sykdom i inntil ti dagar per kalenderår. Antallet er det same når man har to barn, men utvidast til 15 dagar ved tre eller fleire barn. Regelen gjeld til barnet fyllar 12 år. Er barnet kronisk sjuk, kan man søkje om fleire sjukedagar.