Om Pedagogisk psykologisk ressurssenter

Pedagogisk psykologisk ressurssenter (PPR) inneheld dei lovpålagte tenestene knytt til Pedagogisk psykologisk teneste (PPT), som er regulert i Barnehagelova og Opplæringslova. 

Fagavdeling i barnehage og skule er organisert under PPR, som handlar om det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehage og skule i kommunen. PPR består av ulike fagpersonar som jobbar med sakkunnig vurdering, rettleiing og system- og utviklingsarbeid i barnehage og skule. Under PPR ligg også utøvande teneste som logoped og spesialpedagog i barnehagen, rettleiing knytt til barnehage og skule, og barnehagemynde inn mot vedtak og barnehagelova (§§31 og 37).

Pedagogisk psykologisk ressurssenter (PPR) samarbeider og gjev rettleiing/støtte til barnehage, skule og føresette. Inkluderingsperspektivet er sentralt for det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehage og skule. Det er eit mål at stadig fleire barn og unge blir tatt i vare innanfor det allmennpedagogisk barnehagetilbodet og den ordinære opplæringa i skulen.

Organisasjonskartet  

PPR utgjer ei samla ein fagavdeling organisatorisk plassert under skulesjefen og barnehagesjefen.

Organisasjonskart for PPR - Klikk for stort bilete