![Logo for Trygg i fellesskap - Klikk for stort bilete](/handlers/bv.ashx/iebed252c-a468-4012-9c42-0ed495b0130c/w1200/q87708/k1c45affe027a/trygg_i_fellesskap.png)
Nærvær og inkludering i barnehage i Øygarden kommune ønskjer å auke kompetansen i barnehage og skule knytt til denne problematikken slik at vi kan bli betre på å førebygge ufrivillig fråvær og utanforskap, men og hjelpe dei som har bekymringsfullt fråvær og som kanskje ikkje har vore på skulen på veke- eller månadsvis. Samordning mellom tenestene er viktig i ein komplisert problematikk som dette. «Nærvær og inkludering» er samansett av tilsette frå PPR, FOR, Ungdomsstenesta og Trygg i fellesskap.
Nærvær og inkludering i barnehage og skule i Øygarden kommune hjelper til i saker der barn og elevar har vanskar med på komme i barnehagen eller på skulen. Gjennom samtale med barnet, foreldre og barnehage/skule og evt andre, vert ulike tiltak vurdert. Dette kan vere familierådsmetodikk, klasseråd, innsatsteam, rettleiingsteam eller konsultasjon i Nærværsteamet.
Satsinga er under arbeid og eit resultat av dette vil vere ein digital handlingsplan som vil følgje BTI (Betre tverrfaglege innsats) sine nivå 0-3.