Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG)

Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er eit nasjonalt utval for foreldre som har barn i skulen.

FUG er opptekne av

  • Å verne om heim-skule-samarbeidet
  • Å vareta interessene til foreldra i skulesamanheng
  • Å gi kunnskap om korleis heim-skule-samarbeidet fungerer
  • Å gi kunnskap om korleis foreldre kan støtte barna sine
  • Å setje dagsorden og støtte foreldra når det gjeld sentrale tema som inneklima, mobbing, foreldremøte og    skulearbeid

Dette gjer FUG

  • Gir råd og rettleiing til foreldre med barn i skulen
  • Fungerer som service- og informasjonsorgan for foreldrekontaktar, FAU og kommunale foreldreutval
  • Utarbeider ei rekkje publikasjonar til bruk for foreldre og tilsette i skulen (kan lastast ned frå www.fug.no)
  • Driv oppsøkjande verksemd overfor foreldre med barn i skulen
  • Gir råd til utdanningsmyndigheitene i saker som handlar om heim-skule-samarbeid
  • Gir aktuell informasjon gjennom nettsida

Her finn du meir informasjon om FUG