Om oss

Skålevik skule er ein barneskule i Øygarden kommune, med vel 15 min. køyring frå Sotrabrua. Vi har om lag 145 elevar på 1.-7. trinn. På sfo går det om lag 60 elevar. Det er planlagt stor bustadbyggeing i skulekrinsen, og det er forventa auke i elevtalet framover. Det er også planlagt ny skule i Møvik kor elevane frå Skålevik og Ulveset skal gå saman. 

Elevane kjem i hovedsak frå bygdene Sekkingstad, Skålevik, Langøy, Syltøy, Lokøy og  Algrøy.

Noverande skule vart oppførd i 1977, og seinare påbygd i 1997. For nokre år sidan vart bygningsmassen komplettert med eit mellombels brakkebygg, der m.a. administrasjon er lokalisert.

Uteområde

Skulen har eit flott naturområde, og elevane har til gong til eit fotballanlegg med kunstgras like ved skulen. Det er store utmarksområde like i nærleiken som vert flittig brukt i undervisninga. 

Visjon

Saman om Aktivitet Læring Tryggleik, noko som forpliktar både elevar, tilsette og foreldre til å arbeida saman til felles beste. 

Opningstider

Kunnskapsløftet

Læreplanverket består av overordna del, fag- og timefordeling og læreplanar i fag. Dette er forskrifter til opplæringsloven og skal styre innhaldet i opplæringa. 

På nettsida til Utdanningsdirektoratet finn du meir informasjon

Fotogalleri

Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Leikeplass ved Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Fotballbinge ved Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Fotballbinge ved Skålevik skule - Klikk for stort bilete
Skålevik skule - Klikk for stort bilete