Trafikksikker barnehage

Skogsvåg barnehage var frå hausten 2017 ein trafikksikker barnehage. Dette er eit kvalitetsstempel på at barnehagen har eit godt trafikksikkerheitsarbeid ut i frå kriterier frå trafikksikkerheitsplanen til Trygg Trafikk og kommunedelplan trafikksikring 2015-2025.

Skogsvåg barnehage har eigen handlingsplan for dette arbeidet, og brukar Trygg trafikk sitt opplegg for barnehagar i dette arbeidet. Handlingsplanen ligg på heimesida og er tilgjengeleg på kvar avdeling.

Eit lite utdrag av kva vi skal gjere for å være ein trafikksikker kommune:

  • Vera medlem og følgje opplegg i Barnas Trafikk klubb
  • Ha trafikksikring oppe som tema på foreldremøte
  • Ha reflekskampanje/fokus på å bruke refleks
  • Internkontroll runde med fokus på blant anna vegsikring og parkeringsplassen til barnehagen
  • Gode rutinar på turar, både til fots og ved eventuell buss