Om oss

Skogsvåg skule ligg sør  i Øygarden kommune. Skulen vår ligg i høgda over Sotra vidaregåande skule avd Sund. I næleiken ligg Sundhallen med tilhøyrande utandørs idrettsanlegg.

Oversiktbilete av Skogsvåg skule - Klikk for stort bileteSkogsvåg skule

Om skulen

Like sør for Skogsskiftet, langs fylkesveg 198, og like bak Sotra vidaregåande skule avd. Sund, ligg Skogsvåg skule. Der ligg den, fint mellom bakkar og berg, og like ved Sundhallen og Skogsvåg stadion. Frå skulen er det kort veg til toppen Storaskjenet og til sjøen i Kvalvågen.

Skulebygget vårt, den eldste delen, er oppført i 1997. Hausten 2015 vart Skogsvåg og Pollen skule slått saman, og samstundes fekk Skogsvåg skule eit stort påbygg. Elevtalet auka frå ca 100 til 200, og vi vart fulldelt. Hausten 2018 opna skulen dørene for elevane frå naboskulen i Fjell kommune, Tellnes skule. Vi fekk no ca 300 elevar på skulen.

Skulekrinsen i dag er nord til Tellneskrysset, sørvest til Tveita og søraust til Dommedal.

Skulen har rike tradisjonar og historikk knytt til song og musikk, til kystkultur og til det som rører seg i lokalmiljøet.

Skogsvåg skule er med i UNESCO sitt skulenettverk som arbeider for: Globalt medborgerskap og ein kultur for fred og ikkje-vald, bærekraftig utvikling og ein bærekraftig livsstil, samt interkulturell læring og verdsetting av kulturelt mangfold og kulturarv.

Visjon

Hand i hand løfter vi kvarandre fram

Bilete av nybygget frå 2015

Nye garderobar i Skogsvåg skule - Klikk for stort bilete
Skogsvåg skule - Klikk for stort bilete
Glassgang inne i Skogsvåg skule - Klikk for stort bilete
Skogsvåg skule - Klikk for stort bilete
Elevar i garderoben - Klikk for stort bilete
Skogsvåg skule - Klikk for stort bilete
Elevar i gangen på Skogsvåg skule - Klikk for stort bilete
Skogsvåg skule - Klikk for stort bilete
Skogsvåg skule - Klikk for stort bilete
Skogsvåg skule - Klikk for stort bilete

Bileta har vi fått låne av arkitekten, Holon.

Samarbeid heim - skule