
Utgangspunktet for arbeidet var:
-Ønskje om å setje i system alle gode tiltak vi har ved skulen.
-Sikre høg kompetanse ved skulen.
-Tydeleggjere for elevane, heim og skule korleis vi arbeider for å førebyggje og gjere tiltak ved lese- og skrivevanskar, matematikkvanskar og/eller språkvanskar.
Skulen vart meldt inn i Dysleksinorge, og vi starta kompetanseutvikling på fagområdet. Vi deltok på digitale og fysiske kurs, oppretta ei prosjektgruppe og brukte utviklingstid til arbeidet. Skulen la vekt på implementering i kollegiet, samt informasjon og drøfting i FAU, SMU og elevrådet.
Vår 2023 vart søknaden om å bli Dysleksivennleg skule sendt til Dysleksinorge, og vi fekk sertifiseringsbesøk av representant frå Dysleksinorge. Skulen fekk positiv respons, og vart godkjend desember 2023.