Elevråd

4.-7. trinn deltek i elevrådet med to representantar frå kvar klasse. Elevrådet har månadlege møte. Alle trinn har klassemøte og sender saker til og frå elevrådet.

Representantar 2023 - 2024

Leiar: Mina Sangolt HansenNestleiar: Magda Giak

4.trinn: Alfred Sangolt og Pernille Boge Ougendal
5.trinn: Linus Mongstad Myksvoll og Ashley Benson
6.trinn: Adrian Hammersland og Isabelle Hammersland Borgen
7.trinn: Mina Sangolt Hansen og Magda Giak

§11-2 Elevråd ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det for trinna 8-10 vere eit elevråd med ein representant for kvar klasse. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skulen har teke til om hausten.

Ein medlem av undervisningspersonalet på skulen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet. Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet, eller rektor krev det.

Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for å skape godt lærings – og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.