Ordensreglar for Spildepollen skule

Skulen er ein arbeidsplass og ein læringsarena der alle skal kjenne seg trygge og ha det godt. Ordensreglane skal bidra til eit godt og trygt læringsmiljø for alle, både elevar og vaksne.

1. Alle skal vise respekt og ha omsyn for kvarandre. Dersom nokon kjem opp i ein konflikt, skal ein alltid seie frå til ein vaksen. (Opplæringslova 9a – 1)
2. Mobbing, vald og krenking mot medelevar og/eller tilsette er uakseptabelt.
3. Alle skal møte presis til timane og ha med seg naudsynt utstyr og høvelege klede.
4. Det er alle sitt ansvar å ta vare på skulebygningane, uteområda og dei fysiske læremidla som blir nytta. Læremiddel kan vere bøker, skrivesaker og digitalt utstyr.
5. Alle må halde seg innanfor skulen sitt område i skuletida. Alle må også opphalde seg i det læringsarealet undervisninga føregår til ei kvar tid.
6. Det er ikkje tillate å bruke tyggegummi og snop på skulen.
7. Mobiltelefon og smartklokke skal vere avslått og/eller vere i skulemodus/flymodus i heile skuletida og på skulen sitt område.
8. Tilsette på skulen kan inndra personlege ting, dersom desse er forstyrrande. Elevane har sjølve erstatningsansvar for personlege ting dei tek med seg på skulen.
9. Snøballkasting er kun tillate mot oppsette mål og aldri mot menneske. Det er heller ikkje tillate å dukke andre under/i snøen.
10. Elevar skal ikkje gå på butikken utan ein vaksen på veg til skulen.

Ved brot på reglane

Elevar som bryt skulen sine reglar, kan rekne med at skulen iverkset ein eller fleire av desse tiltaka:


1. Samtale med lærar i friminutt og/eller sitje inne i friminutt.
2. Samtale med avdelingsleiar og/eller rektor.
3. Elev og føresette blir innkalla til formell samtale med kontaktlærar og/eller avdelingsleiar
4. Mobiltelfon kan i somme høve bli nytta i undervisninga, men blir inndratt dersom han blir misbrukt i skuletida. Dersom tilsette må inndra mobiltelefon, får eleven han igjen ved skuleslutt.
5. Vasking og rydding. Elevar kan bli sett til å gjere slikt arbeid dersom dei påfører skulebygningen eller skulen sin eigedom skade.
6. Økonomisk erstatning. Når elevar med vilje eller grov uvørnad gjer skade på skulen sin eigedom, kan skulen fremje krav om erstatning frå føresette.
7. I alvorlege høve kan rektor bortvise ein elev inntil ein dag. (Opplæringslova paragraf 2 – 10.)
Ordensreglementet er revidert av Samarbeidsutvalet og Skolemiljøutvalet 20.02.24 og er gjeldande frå denne datoen. FAU har hatt reglementet til gjennomsyn og deira kommentarar og merknader er kome med. Reglementet blir jamleg revidert og kan difor bli endra på eit seinare tidspunkt.