Skulebibliotek

Skuleåret 23/24: 196 elevar 

Skulebibliotekar: Elisabeth K. Lie, 2 timar til biblioteksarbeid

Bokbase: ca. 4500 bøker. 

Årleg budsjett til innkjøp: 10 000 kr. 

Opningstid: Biblioteket er ubemanna og ope til bruk for elevane når dei har bibliotekstime.

Skulebiblioteket har hatt eit ekstra fokus sidan oppstarten i 2019. Det er plassert i hjartet av skulen, med utsikt over amfiet og framsida til skulen. Det har vore eit stort arbeid å slå saman bokbasen frå Glesnes skule og Telavåg skule, samtidig som ein har vidareutvikla skulebiblioteket som ein felles ressurs for elevar og tilsette. 


 

Visjon 

Biblioteket skal inspirere, skape leseglede og motivere til lesing hos elevane.



 

Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs

Skulebiblioteket er tema på utviklingstida eit par gongar i året eller etter behov. Her fortel skulebibliotekar om leseprosjekta, kjem med tips til bibliotekstimen og svarar på spørsmål ved behov. Ved større leseaksjonar samarbeider alle lærarane med skulebibliotekar om planlegging og gjennomføring.



 

Kvart steg har 1-2 timeplanfesta bibliotekstimer. I desse timane kan elevane låne bøker, dei snakkar om litteratur og orienterar seg på biblioteket. Lærarane leiar dette arbeidet.


 

Elevmedverknad

Kvart år vert 12-15 elevar tilsett som biblioteksassistentar. Desse elevane har faste oppgåver knytt til utlån, innlevering og rydding, men også ei kreativ side der dei lagar utstillingar, plakatar og anbefalingar til andre elevar. Dette er elevar på mellomsteget kan kan søkje. Dei arbeider fast ein dag i veka, i 1-3 friminutt. Elevar og elevrådet har ei liste der dei skriv opp bokønskjer og kjem med innspel til biblioteket.


 

Lesefremjande arbeid

Gjennom ulike aktivitetar er Spildepollen med på å inspirere og styrke lesegleda til elevane.

Alle årsstega har timeplanfesta bibliotekstime 

2.-7. steg har lesekvart kvar morgon. 1. årssteg har høgtlesing kvar veke

Høgtlesing gjennom året, spesielt på småsteget. 

Leseprosjekt på kvart årsstrinn, kvart halvår

Leksebevisst skule der elevane har leselekser heime

Fadrane les for fadderbarna 

Bokprosjekt der 1. og 6. steg samarbeider 

Litteraturveke i april

Markering av nynorskens dag i mai

Ekstra fokus på Sommarles-konkurransen




 

Skulebiblioteket på Spildepollen skule - Klikk for stort bilete