Avstanden mellom skule og heim må overstiga:
- 2 km for 1. klasse i grunnskolen
- 4 km for 2. til 10. klasse i grunnskolen
- 6 km for vidaregåande skule
Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare veg eller gang- og sykkelsti.
Elevar i grunnskulen som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til fri skuleskyss uavhengig av avstanden mellom skule og heim. Les meir på Utdanningsdirektoratet.
Funksjonshemma elevar og elevar som er mellombels skadde eller sjuke kan søkja om særskilt skyss på medisinsk grunnlag. Denne type skyss-søknad krev legeerklæring.
Søk skuleskyss
Sjå fullstendig skyssreglement for grunnskulen.
Du søkjar skuleskyss via Vigilo foreldreportal under menypunktet Søknader.
Søk om skuleskyss i Vigilo foreldreportal
Kontakt den aktuelle skulen for å få hjelp til å søkja om skuleskyss.
Søk skuleskyss Danielsen grunna farleg skuleveg (privatskule)
Søknadsskjema over gjeld berre dei kommunale skulane. Dersom det gjeld skuleskyss til Danielsen grunna farleg skuleveg sender du søknad til postmottak@oygarden.kommune.no . Merk søknad “Skuleskyss Danielsen”