Om oss

Bakgrunn og kunnskapsgrunnlag

I både «Samfunnsdelen til kommunedelplanen 2022-2034- Øygarden kommune» og «Plan for Framtidas skule- Øygarden kommune» finn vi følgjande setning:

 «Gjennom tidleg innsats i barnehage, barne- og ungdomsskule skal vi arbeida for at alle barn og unge i Øygarden er godt rusta til vidare utdanning og arbeidsliv».

Under desse planane og spesielt denne setninga, kviler Språkkommunen Øygarden.  

Vidare ligg Språkkommunen Øygarden i det same kunnskapsgrunnlaget som Øygarden kommune sin «Førebyggande plan» gjer, nemleg kunnskapen om risikofaktorar - og kunnskapen om beskyttelsesfaktorar lenke . Språk er ein ein vesentleg beskyttelsefaktor.  

“Å hjelpe barnet til aldersadekvat fungering kognitivt, språkleg, emosjonelt, sosialt og motorisk, det er ein faktor som vernar barn”. (Korus 2023).

Språkkommunen Øygarden er også ein del av det nasjonale tiltaket «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderende praksis». «Kompetanseløftet» skal bidra til at den spesialpedagogiske hjelpa er tett på dei barna som har behov for det. Målet er at alle barn og unge opplever eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule slik at alle får reell sjanse til å ta del i det faglege og sosiale fellesskapet. NTNU Skrivesenteret og HVL- Høgskulen på Vestlandet har vore og er eksterne faglege samarbeidspartnere her.  

Overordna mål for Språkkommunen Øygarden

Språkarbeidet i barnehage og skule i Øygarden kommune skal vere eit universelt tiltak for å gi alle barn og unge god språkkompetanse slik at ein sikrar likeverd, reduserer skilnader og aukar livsmeistringa.

Målet er at opplæringstilbodet gjennom barnehage og skule skal vere slik at dei unge har kunnskap, kompetanse, mot og verdigheit til å fullføre vidaregåande opplæring.  

Tre fokusområde

Vi har tre fokusområde knytt til opplæringstilbodet i språk, lesing og skriving for barn og elevar i Øygarden kommune:

Språkmiljøet i barnehage og skule

Barn og elevar i Øygarden kommune skal møte eit variert, inkluderende og utviklande språk- og læringsmiljø i barnehage og skule med eit kompetent personale som har kunnskap om barns språkutvikling.  

Språkvanskar  

I Øygarden kommune skal barn og elevar med språkvanskar få hjelp til å uttrykke seg, danna vennskap slik at dei kan ta del i det sosiale fellesskapet og i læringsfellesskapet.  

Fleirspråklege barn og elevar  

I Øygarden kommune skal fleirspråklege barn og elevar bli møtt av tilsette som gjennom sin kunnskap og kjennskap om språktileigning kan legge til rette for læring gjennom dei ulike delane av barnehage/skuledagen inkludert garderobe, måltid, friminutt og utetid.  

Kvifor satse slik vi har gjort?

Dei tre satsingsområda som er skildra, bygger på kartlegging gjort i barnehagar og skular i Øygarden kommune hausten 2022. I denne kartlegginga meldte barnehagane og skulane tilbake område dei meinte dei trengte meir kompetanse på. Spesielt satsingsområda «Fleirspråklege barn og elevar» og « Språkvanskar» er eit direkte resultat av kompetansebehov meldt inn i denne kartlegginga.  

I arbeidet fram mot denne digitale handlingsplanen, har Språkkommunen Øygarden lagt stor vekt på deltaking frå aktørar som har med barn og elevar å gjere. Dette har vore pedagogar og leiing i barnehage og skule, Familie og rettleiingssenteret, Helsestasjonen, Barnevernstenesta, Pedagogisk psykologisk ressurssenter, Biblioteket, Mållaget og kommunestyrepolitikarar med ansvar inn mot barn og unge.  

Språkkommunen Øygarden har også snakka med barn, elevar og foreldre. Gjennom samtale og intervju har vi fått verdfull innsikt i korleis det å samarbeide og motta hjelp frå barnehage og skule. Føresette til to ulike elevar med dysleksi har ulike erfaring med hjelpa dei har fått. Den eine er svært nøgd, den andre ikkje. Målet må vere at hjelpa vi tilbyr ikkje skal vere avhengig av kvar ein går på skule.  

Føresett 1

«Ho klarer seg greitt, og når ho får bruke digitale hjelpemidlar er det veldig bra. Ho er flink når ho får øvd seg på førehand, men slit med rettskriving. Derfor er det så bra at ho og andre med dysleksi får bruke Lingdys som hjelpemiddel og får lære det før dei skal begynne på ungdomsskulen».  

Føresett 2:

«Eg meiner at bekymringa mi om at mitt barn hadde dysleksi ikkje vart høyrt av skulen tidleg nok. Eg trur at om ho hadde fått dysleksi-diagnosen tidlegare, så hadde ho ikkje hengt så langt etter som ho gjer i dag. Eg skulle og ønske at eg fekk meir informasjon om diagnosen og kvar vi kan få meir hjelp».  

Språkkommunen Øygarden i det store bilete

Enhver som har hatt nærkontakt med små barn, har opplevd det merkverdige at små mennesker, gradvis eller i hopp og sprang, tilegner seg språk- språk for å uttrykke behov, språk for å markere samhørighet med andre, språk for å sette ord på inntrykk og oppfatninger om verden- kanskje til og med flere enn ett (Jon Smidt, 2011)      

Ikkje alle barn har sjanse til å nytte det verbale, munnlege språket for å gjere nettopp det som dette sitatet så vakkert skildrar. Difor er kunnskap og kompetanse om Alternativ Supplerande Kommunikasjon ASK for tilsette i barnehage og skule så viktig og eit av områda som Språkkommunen Øygarden vil fokusere på.  

Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehagen sitt innhald, skriv Utdanningsdirektoratet. Å vere trygg, kunne regulere kjenslene sine, ha gode relasjonar til andre barn og vaksne, få tid og rom for undring og utforsking av språket og ikkje minst kunne leike slik barn skal– det dannar gode fundament for det å utvikle god språkkompetanse og  funksjonell lese- og skriveferdigheit i skulen. Så dannar alt dette også eit godt fundament for det å meistre livet, for det å leve.  

Det vesle barnet skal ein gong bli ungdom og vaksen. Språkkommunen Øygarden ønskjer å legge til rette for at talet på ungdommar som fullfører aukar i kommunen vår. Fråfall i vidaregåande opplæring kan starte mange år før dei avsluttande åra på vidaregåande skule. Pedagogane sin gjensidige forståing og innsikt i arbeidet som blir gjort i dei ulike delane av opplæringsløpet er viktig. Språkkommunen Øygarden ønskjer å legge til rette for kulturmøte mellom barnehage, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule.  

Språkkommunen Øygarden ønskjer vidare:

  • Godt samarbeid med helsestasjonen som først tek i mot foreldra og dei små barna. 
  • Språkkommunen Øygarden ønsker godt samarbeid med både skulebiblioteka og folkebiblioteket. Biblioteket tek i vare noko av det som er mest grunnleggande knytt til språk, lesing og skriving, nemleg lysta og undringa knytt til dei skrivne og opplesne orda. 
  • Språkkommunen Øygarden vil jobbe for å fremje gleda, nytta og bruken av nynorsk. 
  • Dei digitale måtane å møte språk, lesing og skriving på må gå hand i hand med dei analoge måtane. Språkkommunen Øygarden ønsker å styrke kompetansen slik at pedagogane vel dei arbeidsmåtane og verktøya som er rett for barna, elevane og læringa. 
  • Språkkommunen Øygarden ønskjer å bidra til profesjonelle læringsfellesskap  kjenneteikna av god kultur for kunnskap, refleksjon og deling i barnehage og skule.