I opplæringslovas § 13-5 og i barnehagelovas § 2 a kom det i juni 2018 inn ei endring som slår fast ei gjensidig plikt for barnehage- og skuleeigarar om å samarbeide for å skape kontinuitet for barna i overgangen.
Faste møtepunkt, erfarings- og informasjonsutveksling for pedagogar og leiarar i barnehagar og skular er viktig å sikre ein betre samanheng og kontinuitet i overgangen frå barnehage til skule.
Barn og elevar skal sikrast ein god overgang mellom barnehage til barneskule.
Skjema
Skjemaet er eit standardskjema som skal brukast for alle barn, både på overføringsmøte for elevar med særskilde behov (Opplæringslova § 5.1-elevar, § 2.8-elevar, andre elevar med særskilde tilretteleggingsbehov) og ordinære overføringsmøter.
Det er viktig at elevskjemaet er ferdig utfylt til overføringsmøta, slik at vi kan bruke møtetida til å gjennomgå informasjonen. Skjemaet bidreg til å sikre at viktig informasjon blir ført vidare frå barnehagen til barnetrinnet. Ansvarlege i barnehagen vurderer kor mykje informasjon som er naudsynt å notere om kvart barn.
Skjema overgang mellom barnehage-skule (PDF, 697 kB)
Kven har ansvar for å kalle inn til overføringsmøta for elevar med særskilde behov?
- Barnehagen, fordi dei har kjennskap til kva barn som har særskilde behov.
Kven har ansvar for å kalle inn til ordinære overføringsmøte?
- Barneskulen finn aktuelle datoar og sendar desse til barnehagane.
Samtykkeskjema må fyllast ut av føresette. Barnehagane har ansvar for at dette blir gjort.
Samtykkeskjema (PDF, 78 kB)
Årshjul
Årshjulet gir oversikt over ulike tiltak i overføringsprosessen, seier noko om kven som har ansvar for gjennomføringa og til kva tid tiltaka skal gjennomførast. Årshjulet startar i august året før barnet startar på skulen.
Aktivitet
Oppfølging av barn med omfattande særlege behov, gjeld fysisk tilrettelegging.
Førebuing til skulestart hausten barnet fyller 4 år.
Ansvarleg: Styrar.
Aktivitet
Informere skulen om barn med særskilte behov som har vedtak etter§ 35 i Barnehagelova
Frist: 15 oktober
Ansvarleg: Styrar
Aktivitet
Overføringsmøte for barn med særskilte behov som treng tilpassing. Dette gjeld barn som har vedtak etter § 35 i Barnehagelova og som skal ha vedtak etter § 11.4, §11.5 og §11.6 og, § 3.6 i Opplæringslova.
Innhald i møtet:
- Info frå heimen
- Info frå barnehagen
- Info frå PPT og eventuelt andre faginstansar
Frist: 1.desember
Ansvarleg: Styrar
Aktivitet
Frå Folkeregisteret blir det importert liste i WIS over barn som skal starte på skulen.
Føresette skriv barna inn i skulen digitalt
Aktivitet
Sakkunnig uttale om opplæringsbehov:
- Blir stila til barneskulen og sendt i kopi til føresette.
- PPT legg samtykkeskjema med i utsendinga til føresette. Føresette må returnere dette til skulen.
Frist: 20. februar
Ansvarleg: PPT og føresette
Aktivitet
Skulen sender ut informasjonsbrev om skulestart til føresette.
Aktivitet
Samtykke § 5-1, spesialundervisning
Frist: 1. mars
Ansvarleg: Rektor barneskulen
Vedlegg 1: Samtykkeskjema
Aktivitet
Barneskulane tek kontakt med dei aktuelle barnehagane og avtalar overføringsmøter for alle barn(gjeld dei som ikkje er § 5,1)
Frist: 30. mars
Ansvarleg: Rektor
Aktivitet
Ordinære overføringsmøter:
- Utfylte overføringsskjema
- Samtykkeskjema frå føresette for utveksling av informasjon.
Frist: mai/juni
Ansvarleg: Barneskulen, barnehagen
Vedlegg 2: Overføringsskjema
Vedlegg 3: Samtykkeskjema
Aktivitet
Enkeltvedtak. Klagefrist 3 veker etter vedtaket.
Frist: 1. juni
Ansvarleg: Rektor, føresette
Aktivitet
Førskuledagar. Barna blir invitert til skulen.
Ansvarleg: Rektor, SFO leiar
Aktivitet
Individuelle informasjonsmøte for elevar med særskilte behov, møte nr. 2 for å trygge god skulestart.
- Utveksling av informasjon m/ foreldre/føresette
Ansvarleg: Spes.ped.koordinator og avd.leiar for trinnet