Aktivitet
Pedagogisk rapport for elevar på 7.trinn som skal ha revurdering av individuelt tilrettelagd opplæring etter Opplæringslova §11.6 eller §2.2, tredje ledd. Denne skal sendast til PPT Øygarden innan 31.januar. PPT gjer så ei revurdering av retten til spesialpedagogisk undervisning.
Overføringsmøter for dei elevane som treng eigne møter der elev/føresette, barneskule og ungdomsskule er med. Dette kan gjelde elevar med tilråding etter §11.4, §11.5, §11.6, §2.2 tredje ledd, og §3.6 i Opplæringslova, men det kan og gjelde andre elevar. Barneskulen avgjer kva elevar som det er behov for møter om på dette tidspunktet (januar og februar). Barneskulen vurderer om elevar med stafettlogg i BTI treng møte på dette tidspunktet. Andre aktuelle deltakarar er repr frå helse, PPT, barnevernstenesta.
Revurdering av individuelt tilrettelagd opplæring §11.6. PPT startar på desse revurderingane i januar. Dei vil vere ferdige ut over våren. Elevar frå 7. kl til 8.kl har prioritet.
Ansvar: Barneskulen set tidspunkt og kallar inn
Aktivitet
Revurdering av rett til spesialundervisning §5.1. PPT startar på desse revurderingane i januar. Dei vil vere ferdige ut over våren. Elevar frå 7. kl til 8. klasse har prioritet.
Ansvar: PPT