Om ossVelkomen til ein av dei største barneskulen i Øygarden kommune!Stranda skule ligg flott til heilt sør i Øygarden kommunen. I dag er vi ca. 325 elevar på vår skule. Det er 38 lærarar som har Stranda skule som arbeidsplass, inkludert leiinga. I tillegg er det 15 fagarbeidarar/ assistentar som gjer ein stor innsats kvar dag!Stranda skule er bygd ut gjennom fleire periodar og framstår i dag som ein moderne og framtidsretta skule, med store områder inne og ute som bidreg til leik.VisjonTrivsel, leik og læring - hand i hand mot framtida!SkulekrinsDet er elevar frå tre krinsar hjå oss; Klokkarvik, Tofterøy og Stranda.HistorikkGamledelen er frå 1986, men er totalrenovert. Skulen var ferdig med siste utbygging november 2019. Vi fekk 6 nye klasserom med tilhøyrande grupperom og garderobar. I tillegg fekk vi ny sløydsal. Dagsplan1.-4. trinn begynner skuledagen kl. 08.40, og sluttar kl. 13.15 kvar dag.5.-7. trinn begynner kl. 08.40 kvar dag, sluttar kl. 13.15 man, tys og fredag. Onsdag og torsdag sluttar dei kl. 14.35.Trafikksikker skuleVis omsyn til mjuke trafikkantar.Bruk av- og påstigningslomma. Vi ynskjer minst mogleg køyring!Elevane vert møtt av vaksen på busstoppet. Vi har og bussvakt som følgjer elevane til bussen etter undervisninga.Sykkel/sparkesykkel: Det er viktig at elevane nyttar hjelm.Vi har sykkeldag for elevar på 5. trinn om hausten, i samarbeid med Trygg Trafikk.Vi har trafikkopplæring på alle klassetrinnSkule-heim samarbeid Forventningar til skulen og til heimen Skulane ønskjer å ha eit nært og godt samarbeid med heimen. Vi ønskjer at heimen veit kva som kan forventast av skulen, og skulen er tydeleg på kva som blir forventa av heimen. Slik kan vi jobbe saman for eit godt læringsmiljø for elevane. Fag og læring Dette kan du forvente av skulen Skulen gjev undervisning i samsvar med gjeldande lovverk og læreplanar. Skulen har fått informasjon om eleven sin faglege ståstad frå barnehagen, og legg den til grunn for opplæringa. Skulen legg til rette for at elevane skal få utvikle evnene sine, individuelt og i samarbeid med andre. Skulen skal stimulere til lærelyst, nysgjerrigheit og evne til kritisk tenking. Dei vaksne ved skulen skal vere tydelege rollemodellar og gode førebilete. Skulen forventar at du som føresett Følgjer opp skulearbeidet, og hjelper barnet til god arbeidsinnsats. Tek kontakt med skulen viss du meiner at opplæringa ikkje oppfyller dine krav og/eller forventningar. Sørgjer for at eleven møter på skulen, kjem presis, er utkvilt, har ete frukost og har med seg matpakke. Passar på at eleven følgjer klassa og skulen sine reglar, og viser respekt for alle på skulen. Tryggleik og trivsel Dette kan du forvente av skulen Alle elevar skal kjenne seg velkomne og trygge på skulen. Skulen har jamleg dialog med heimen. Skulen er alltid open for samarbeid om eleven sin trivsel, og set i verk tiltak ved behov. Skulen har nulltoleranse for mobbing, vold og rasisme, og følgjer opp viss det førekjem krenkingar. Skulen arbeider systematisk for å skape eit godt skule- og klassemiljø. Dei vaksne kjenner elevane og tek kontakt med heimen om det skjer noko spesielt. Skulen har respekt for heimen sin eigenart. Skulen forventar at du som føresett Bidreg aktivt til å gje barnet ditt positive haldningar til skulen, lærarar, medelevar og deira føresette. Kontaktar skulen viss barnet ditt ikkje trivst. Deltek aktivt i sosiale arrangement. Samarbeider med andre føresette om elevane sin trivsel og tryggleik. Dialog og samarbeid Dette kan du forvente av skulen Skulen har gode informasjons- og kommunikasjonsrutinar. Du blir innkalla til minimum to foreldremøter og utviklingssamtalar årleg. Skulen er interessert i dine synspunkt, er løysningsorientert og gjev deg svar på det du spør om. Føresette har høve til å påverke gjennom FAU, SMU. Skulen forventar at du som føresett Samarbeider med skulen for å sikre god kommunikasjon og god informasjonsflyt. Deltek på foreldremøter, utviklingssamtaler og andre møter, og gjev beskjed i god tid om du ikkje kan møte til avtalt tid. Informerer skulen om hendingar som kan påverke eleven og skulekvardagen. Viser respekt for elevar, tilsette og leiinga på skulen og andre føresette, spesielt når det gjeld å ta kontakt og dele informasjon med andre. SymjeopplæringPå Stranda skule har alle trinn symjeopplæring kvar veke. Skuleåret 2024/25 vil fleire trinn nytte seg av utesymjing dei gongane bassenget er stengt. Det er og trinn som fast har utesymjing som del av uteskuleopplegget sitt.Fotogalleri Sist endra 16.09.2024 14.27