Skulebiblioteket

Vonar mange av dykk har lese masse i sommar! Vel møtt til nytt skuleår 17.august, og velkomen til skulebiblioteket. 

Hei alle flinke lesarar på Stranda skule! 

Etter suksessen med biblioteksassistentar dei siste åra, fortsett vi med dette skuleåret 2023/24. Elevar frå 6. og 7.trinn kan søkje om å få hjelpe til i biblioteket. Elevane som var hjelparar tidlegare har vore flinke til å ta innlevering, rydding i hyller, laga utstillingar og passa på at det ser fint ut i biblioteket. 

Elevane på 6. og 7.trinn kan no søkje om å vere "biblioteksambassadørar" for dette skuleåret. Dei har fått informasjon frå meg, og frå lærarane sine.

Helsing Elin på skulebiblioteket.


Boktips

Bruk tipsa nedanfor til å finne bøker som passar for deg . Det ligg og mange ulike bøker på Salaby, Lesemester og Skolen.