Systematisk observasjon av lesing (SOL)

Målet med SOL-verktøyet er å arbeida systematisk og målretta for å kunne følgje opp elevane si lese- og skriveopplæring. Verktøyet er forskningsbasert og utvikla av lærarar i Gjesdal kommune under rettleiing av professor Torleiv Høien.

Kva er SOL?

  • Eit verktøy for å fastslå kvar elevane er i si leseutvikling.
  • Eit program for kompetanseheving av lærarar.
  • Eit verktøy der kvar elev vert følgd i si eiga leseutvikling gjennom alle 10 åra.
  • Eit verktøy for tilbakemelding til elevar og føresette.

Mål

  • 1.-4. klasse: Lære å lese
  • 5.-10. klasse: Lese for å lære