Tydelig, støttande og førebudd klasseleiing (TSK)

Målet er at lærarar og elevar skal oppleve meistring og glede i klasserommet og at elevane skal få auka motivasjon til samarbeid og innsats.

Programmet handlar om

  • Bygge gode relasjonar mellom lærar og elev
  • Tilrettelegge for og vere på utkikk etter meistring hos elevane
  • Aktivt støtte og forsterke meistringa
  • Vera tydeleg på forventningar til elevane
  • Handtera utfordrande åtferd
  • Motivere elevane til samarbeid, innsats og ansvarleg åtferd
  • Betre arbeidsro, tryggleik og læringsmiljø
  • Lage gode rutinar for krevande situasjonar

Åtferdsplan

Alle klassar skal ha ein åtferdsplan. Åtferdsplanen er ei oversikt over reglar, støtte og ansvarleggjerande korreksjonar.

  • Reglane: Desse skal vere godt kjende hos elevane og sikre at elevane kan lære, læraren kan undervise og at alle kjenner seg trygge i klasserommet.
  • Støtte: Skal minne lærar på å gje elevane mange positive tilbakemeldingar. Dei positive tilbakemeldingane kan vere både munnlege og skriftlege.
  • Ansvarleggjerande korreksjonar: Desse skal sikre like og avtalte reaksjonar for alle. Dette bidreg til rettferd for elevane og tryggleik for foreldre. Korreksjonane er milde grensesettingstiltak som ofte inkluderar refleksjon over kva eleven kunne gjort annleis.