Leikande læring

På Stranda skule har vi tru på at læring gjennom leik, aktivitet, undring, praktisk-estetisk tilnærming og inkludering, fremjar meistring hos elevane våre. Vi nyttar oss av leik i skuledagen, uteskule (alle trinn), utesymjing (6.trinn), praktisk-estetiske fag, fysisk aktivitet og varierte undervisningsmetodar, for å gje elevane dei grunnleggjande dugleikane dei treng for å få utdanning og danning.