Kunnskapsdepartementet har 20. august 2015 fastsett endringar i opplæringslova §12-1. Endringa består i at det no er foreldra som avgjer om elevane får sykle til skulen eller ikkje. Endringa er trådd i kraft.
Paragraf 12-1 fyrste ledd lyder no slik:
«I ordensreglementet for skolen kan det takast inn føresegner som nærmare regulerer trafikktryggleik og andre førebyggjande tiltak. Foreldra avgjer om barna får sykle til skolen eller ikkje».
Trafikktilhøva rundt ungdomsskulen/Stranda skule er til tider kaotisk, med bussar, bilar og mange ungar. Det er uoversiktleg for elevar som bruker sykkel, og det kan lett oppstå farlege situasjonar. Stranda skule har anbefalt at elevane kan sykla frå 5.klasse. Då har dei delteke på trafikkopplæring og sykkelprøve. Dette er i tråd med Trygg Trafikk sine anbefalingar.
Dette bør elevane kunna før dei får sykla til skulen:
- Dei må kunne meistra sykkelen godt, ha god balanse, gje teikn, sjå bakover og stansa
- Dei må kunna grunnleggjande trafikkreglar
- Dei bør ha gått gjennom sykkelopplæring over tid
- Dei må ha øvd i trafikken saman med ein vaksen
Elevar som syklar til skulen, må setja syklane i sykkelstativ medan dei er på skulen!
Bruk av sparkesykkel og elektrisk sykkel
Stranda skule ser at elevar bruker sparkesykkel til/frå skulen. Bruk av vanleg sparkesykkel er lovleg. Men, når elevar bruker vanleg sparkesykkel til/frå skulen, så skal også desse plasserast i sykkelstativ gjennom skuledagen.
Stranda skule har også registrert at nokre av våre elevar har teke i bruk elektrisk sparkesykkel til/frå skulen. Dette er ikkje lovleg.
Bruk av elektronske sparkesyklar
Vegdirektoratet seier fylgjande om bruk av elektriske sparkesyklar:
«Elektriske sparkesyklar er mogeleg å få kjøpt i Noreg, men det er ikkje lov å bruka desse på offentleg veg».
Trygg Trafikk og Statens vegvesen åtvarar born og unge mot å bruke elektriske sparkesyklar.
NÅR BORN SYKLAR TIL/FRÅ SKULEN, MÅ ALLE BRUKA TILPASSA OG GODKJENDT SYKKELHJELM!
Foreldrekøyring til og frå skulen
Mange foreldre/føresette og andre køyrer og hentar ungar med privatbil. Det skulen har registrert til no, er at alt for mange køyrer opp til symjehallen og slepp av/hentar ungar i den tida då infoskiltet seier at dei ikkje skal gjera dette(kl. 08.00 – 14.30). I tillegg er det alt for mange foreldre som parkerer og slepp av ungar/ventar på ungar i m.a. vegbanen før rundkøyringa – i staden for å køyra heilt inn og fram i rundkøyringa før parkeringsplassen og venta der/eller slepper av ungane der.
Det at fleire foreldre/føresette og andre som køyrer ungar til/frå skulen anten ikkje respekterer infoskiltet opp til symjehallen, eller bruker rundkøyringa slik det er tenkt dei skal, kan føra til unødvendige farlege trafikkale situasjonar.
Stranda skule, med FAU/SU, bed med dette alle som køyrer ungar til/frå skulen om å respektera infoskilt og bruka rundkøyringa ved av og påstigning.
Foreldra sin medverknad til trygg skuleveg
Når elevar anten stig av bussen ved ungdomsskulen om morgonen, eller står og ventar på buss etter skuleslutt, så har det alt for ofte vore situasjonar som kan føra til trafikkskader. Dette ved at t.d. elevar syklar mellom elevane, syklar ut i vegen framfor og mellom bussane eller at elevar ikkje respekterer å stå stille inne på fortauet til bussen har stoppa og opna døra for påstigning. På bussturen til/frå skulen skal også elevane ha sele på seg under heile transporten.
Stranda skule, saman med FAU og SU, bed instendig foreldra/dei føresette om å ta den trafikkale situasjonen opp med ungane sine. Slik vil alle elevane, i samarbeid heim – skule, få gode og riktige haldningar som kan medverke til å hindra tragiske trafikkulukker.