Søkja, endra eller seia opp SFO-plass

Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod før og etter skuletid for elevar frå 1. til 4. klasse og for elevar med særskilte behov frå 1. til 7. klasse.

Har du barn med særskilte behov i 5. - 7. klasse? Tilbodet for denne gruppa er gratis dersom eleven har sakkyndig uttale, der hovuddiagnosen tilseier at det er til beste for eleven å ha plass i SFO. Kommunen kan likevel krevje betaling for kost.

Søknad om SFO-plass

Søknadsfristen for hovudinntak er 15. april, men du kan søkja om plass for barnet ditt året rundt. 

Du søkjar SFO-plass i Vigilo foreldreportal under menypunktet Søknadar. Tilbod om SFO-plass må svarast på i Vigilo foreldreportal før plassen er endeleg tildelt.

Søk SFO-plass i Vigilo foreldreportal

Oppseiing og endring av SFO-plass

Frist for oppseiing/endring av plass er den 15. i kvar månad. Ved oppseiing eller endring av plass etter 15. april, må ein betale for SFO-plassen ut skuleåret.

Dersom ein seier opp FØR den 15. i månaden, skal ein betala t.o.m. 14. i neste månad. Men dersom ein seier opp ETTER den 15. i månaden, skal ein betala t.o.m. 14. i månaden etterpå (nesten 2 månader etterpå).

Endring eller oppseiing av SFO-plass søkjast via Vigilo foreldreportal under menypunket Søknadar.

Endring eller oppseiing av SFO-plass i Vigilo foreldreportal

Opningstid

Ordinær SFO er open alle dagar det er skule. Vanleg opningstid er før og etter skuletid frå kl 07.00 (07.30) – 16.30 (17.00 gjeld berre Tjeldstø). SFO har felles planleggingsdagar med skulen. Sjå oversikt over planleggingsdagar her

Ferie-SFO

Her finn du informasjon, pris og søknadsskjema for ferie-SFO. Søknadsfrist er i høve vedtektene 4 veker før den aktuelle ferien.

Betaling for SFO-plass

Prisar per månad for SFO-plass.

SFO
Type plass Antall timar Opphaldstid Pris 2025 for 1.- til og med 3. trinn Pris 2025 for 4. trinn
Heil plass (gjeld berre Tjeldstø) 5 Kl 07.00-17.00 1 768 3 400
Ordinær heil plass 4,5 Kl 07.00-16.30 1 400 3 000
Redusert plass 3,5 Kl 07.00-15.30 754 2 400
Etter skuletid (gjeld berre Tjeldstø) 3,5 Til kl 17.00 754 2 400
Etter skuletid 3 Til kl 16.30 420 2 100
Etter skuletid 2,5 Til kl 15.30 70 1 750
Morgonopphald 1,5 Kl 07.00 til skulestart gratis 1 000
Matpengar SFO 115 115
Dagplass 365 365
Enkelttimar 90 90
Kriseplass (per veke) 870 870
Ferie-SFO 750 1 000
For sein henting, per påbegynte halvtime 320 320

Søskenmoderasjon

  • Barn nr 2 - 30 %
  • Barn nr 3 og oppover - 50 %

NB! Gratisplass for barn med særskilte behov i 5. – 7. trinn, gir ikkje søskenmoderasjon for yngre søsken.

Prisar for SFO-plass - 1., 2. og 3. klassingar

Frå skulestart hausten 2024 får også barn på 3. trinn gratis SFO i 12 timer kvar veke. Det betyr at 1., 2. og 3. klassingar som har deltidsplass som er inntil 12 timer i veka vil få denne gratis, og at prisen for et heiltidstilbod også vil bli rimelegare.