Velkomen til avdeling Stjernedryss

På avdelinga er det 9 barn mellom 1 og 3 år. 

På Stjernedryss er vi 3 ansatte:

  • Janne: Pedagogisk medarbeider
  • Helene: Barnehagelærer 
  • Mona: Barnehagelærer og pedagogisk leder på avdelingen.

Dagene på avdelinga er prega av både forutsigbarheit og rutinar, men sjølvsagt også med rom for impulsivitet og spontane innspel fra barna. Vi ynskjer å gje barna på Stjernedryss ein variert og innhaldsrik kvardag med gode opplevingar saman med dei andre gjevnaldrande og engasjerte vaksne. Leik, humor, Musikk og song, utforsking og glede og det å la barna medvirke i eigen kvardag er viktig. Vi vaksne tek utgangspunkt i barnas innspel og det dei visar interesse for og utforskar, undrar oss og gleder oss saman med barna med ein leikande og undrande tilnærming.

Leik i kvardagen

Leiken og leikens eigenverd settes høgt og vi legger derfor tilrette for mykje leik i kvardagen. Vi deler opphaldsrommet inn i fleire mindre leikesonar og på den måten lager "små rom i rommet". Varierte leikar, leikematerialar og bøkar er alltid tilgjengeleg for barna og det er spanande å sjå korleis barna grip fatt i rommet med sin utforskande og kroppslege leik. Vi vaksne er tilstade og tilgjengeleg for barna og støtter dei i leiken og set ord på det barna gjer.

Utforsking

Song, musikk og bevegelse er viktige utrykksmåtar. Vi syngar og dansar mykje og leggjar tilrette for kroppsleg leik og utfoldning og ulike sanseopplevingar i form av for eksempel hinderløype og gymleik. Formingsaktivitetar som teikning og maling er også viktige måtar å utrykkje seg på. Vi malar mykje og det er sjølvsagt prosessen som blir det viktigaste, ikke det ferdige resultatet. Hensikten er at barna skal få utforske og erfare malingen med sin utforskande og leikende tilnærming.

Foreldresamarbeid

Eit godt foreldresamarbeid er viktig, det å ha ein god dialog med dykk foreldre slik at vi saman kan arbeide til det beste for barna dykkar.

Samarbeid på tvers av avdelingane

Til vanleg samarbeider vi godt med avdeling Sol og Luna og har for eksempel ofte felles prosjekt saman, felles korsang og felles utetid. 

Språkløyper

Språkløypane og teikn til tale: Vi har fokus på språk og språkutvikling. Vi leser mykje for barna og bøkar er alltid tilgjengeleg for barna.  Alle dei ansatte i barnehagen har gjennomført Språkløypane og lært oss mange spanande og allsidige måtar å bruke bøkar på saman med barna, tilpassa barnas alder. Dykk kan lese meir om språkløypane på nett. Vi har også gjennomført eit tre dagars kurs med teikn til tale. Vi brukar teikn i kvardagen som ein forsterkar til det verbale språket. Vi brukar også tavle med bileter av hvilke vær det er og hvilke klede vi må ha på oss ute den aktuelle dagen, for å visualisere for barna i tillegg til det verbale språket. 

Dette var bare litt informasjon om avdelingen, dykk kan lese meir om barnehagen i årsplanen, den ligg her på heimesiden.

Hilsen oss på Stjernedryss

Fotogalleri

Tavle ved illustrasjonar for dagen i dag - Klikk for stort bilete
Flaske med ulikt innhald - Klikk for stort bilete
Golvleik - Klikk for stort bilete
Byggeklossar - Klikk for stort bilete
Leikekrok på avdelinga - Klikk for stort bilete
Edderkopp i utforskingsboks med forstørrelsesglass - Klikk for stort bilete
Maleaktivitet - Klikk for stort bilete
Leikekrok på avdelinga - Klikk for stort bilete
Bord og stolar på avdelinga - Klikk for stort bilete
Leikekrok på avdelinga - Klikk for stort bilete
Fingermaleingsaktivitet - Klikk for stort bilete
Puzzlespel for dei minste - Klikk for stort bilete
Formingasaktivitet med malingstrykk - Klikk for stort bilete