Om oss

Sund ungdomsskule ligg sør i Øygarden kommune. 

Sund ungdomsskule - Klikk for stort bilete

Om skulen

Sund ungdomsskule - med røter i fjæra og retning mot framtida

Sund ungdomsskule er ein offentleg grunnskule som ligg sør i Øygarden kommune, i den delen som som fram til 2020 var Sund kommune. I dag har me 360 elevar fordelt på 14 klassar, og me er rundt 50 tilsette. 

Elevane som går på Sund ungdomsskule kjem frå barneskulene Stranda, Spildepollen og Skogsvåg.

Sund ungdomsskule er ein Mot-skule, og me nyttar både MOT sitt grunnprogram "Robust 12-16" og MOT sitt påbyggingsprogram "Skolen som samfunnsbygger". 

Me som arbeider her, trivst i kvarandre sitt selskap og finn på mykje kjekt saman, både i og utanfor arbeidstida. Kollegiet ved skulen er godt kvalifiserte og har høg kompetanse. Leiinga ved skulen består av rektor og tre avdelingsleiarar, som er ansvarlege for kvart sitt trinn.

Visjonen og slagordet til skulen er “Stolt ung stril - med røter i fjæra og retning mot framtida”. Skulen er opptatt av karakterbygging og identitet. Dette passar godt inn i arbeidet med den nye læreplanen, som skal vera eit verdiløft for skulen: Skulen har eit dobbelt samfunnsoppdrag,- den skal både danna og utdanna. Me har i skuleåret 2023-2024 arbeidd mykje med utviklingsarbeidet vårt, “Vår tids skule”. Her har både elevar, tilsette og foreldre vore med og kome med innspel til korleis deira draumeskule ser ut, og kva som skal til for å få den beste skulen. Dette arbeidet har resultert i ein modell som me vil jobba etter framover.

 

Neste skuleår vil me jobba for ei meir temabasert undervisning for elevane våre, der praktisk undervisning, tverrfaglegheit og tid til å gå i djupna på dei ulike emna blir viktig. I tillegg vil me ha fokus på lærarlag. 

Logoen vår designa av Heidi Fjell - Klikk for stort bileteLogoen vår designa av Heidi Fjell, tidlegare elev på Sund ungdomsskule

Fakta

Elevtal: 360
Klassar: 14
Tilsette: 53

Kantine og kiosk

Me har kantine der det vil vera høve til å kjøpa varm mat nokre dagar i veka. I tillegg har elevrådet ein kiosk som har ope i storefri der det er mogeleg å kjøpa ulike produkt.

Bibliotek

Sund ungdomsskule har eit flott bibliotek med både skjønnlitteratur og faglitteratur. I tillegg til mange ungdomsbøker har me teikneseriar, biletbøker og mange grafiske romanar, og dei vaksne som er på biblioteket har god kunnskap om litteraturen og er glade for spørsmål frå både elevar og tilsette.