Skuleåret 2024/25: 360 elevar
Skulebibliotekar: Janet Sangolt Kleppe og Tone Haglund
Bokbase: Ca. 3300 bøker
Kulturfondbøker: ca. 70 bøker i året
Upris-bøker: 24 bøker i året
Årleg bok-innkjøp: Bøker for rundt 10 000,-
Klassesett: Kongen av Sotra og Hør her’a!
Ope: Storefri kvar dag + 1. og 2. time tysdag

Lokal skulebiblioteksplan
Skulebiblioteket vårt er veldig fint, og me har eit samarbeid med valfaget design og redesign som har utsmykka biblioteket med ulike dekorasjonar, samt med UPT som har utvikla bokstøtter på bestilling.
Visjonen til SUS: Me ønskjer å ha eit oppdatert skulebibliotek med variert skjønn- og faglitteratur som gir leseglede og leselyst!
Lesing er viktig fordi:
- Boka hjelper oss til å utvikla språket og ordforrådet vårt.
- Boka stimulerer fantasien og trener oss i å skapa indre bilde
- Boka kan stille nye spørsmål som engasjerer og gir oss noko nytt å tenka på.
- Boka utviklar tanken. Ho gir oss omgrep og nye idear, ho utvidar forståinga vår og verda.
- Boka gir oss kunnskap om andre land og andre måtar å leva på, om natur, teknologi, historie og alt mellom himmel og jord som me vil vita meir om.
- Boka trener vår evne til medkjensle. Ho gir oss mogelegheit til å setja oss inn i andre sin situasjon og kjensleliv.
- Boka får oss til å fundera over kva som er rett eller galt, godt eller vondt.
- Boka kan forklara verkelegheita og hjelper oss til å forstå korleis verda heng saman.
- Boka hjelper oss til å forstå at me også er forskjellige. Å lesa bøker av forfattarar frå ulike tider og kulturar gir oss større toleranse og motverkar fordommar.
- Boka er ein del av kulturarven. Ho gir oss felles leseopplevingar og felles referanserammer. Ho bidrar til eit rikt kulturliv og er ein viktig kulturell eksportvare som gjer landet vårt kjent utanlands.
- Boka kan visa oss at det ikkje alltid finst berre eit svar på eit spørsmål, at det meste kan sjåast fra forskjellige vinklar.
- Boka hjelper oss til å forstå oss sjølv. Det styrkar sjølvkjensla vår å oppdaga at det finst andre som tenker og føler som me gjer sjølv.
- Boka gir oss underhaldning og spenning. Ho kan få oss til å le og grina. Ho kan trøysta og visa oss nye mogelegheiter.
- Boka hjelper oss til å bli betre til å skriva.
Kjelde: Lesefres.worldpress.com
Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs
Målet vårt er at skulebiblioteket skal vera med og løfta fram det pedagogiske arbeidet på skulen. For å få dette til må me utvikla eit godt samarbeid mellom trinna, utviklingsgruppa og skulebiblioteket. Bibliotekarane lagar ulike utstillingar knytt til temaperiodane til trinna/laga. For å fremja meir leselyst blir det også laga fleire utstillingar som frontar bøkene.
Elevmedverknad
Skulebiblioteket ønskjer at elevane vil bidra meir inn i biblioteket gjennom å søkja på jobben som biblioteksassistent. Dersom ein blir plukka ut, skal ein hjelpa medelevar til å finna gode bøker, laga bokmeldingar, laga konkurranse, ta utlån og innleveringar, setja på plass bøker, hjelpa til med merking av bøker og halda det ryddig og fint.
