Arbeidslivsfag (ALF)

Faget er eit tilbod til alle elevar. Læreplanen byggjer på element frå yrkesfag i den vidaregåande skulen. Faget er eit praktisk alternativ til 2. framandspråk/språkleg fordjuping.

Elevane skal:

  • Planlegga, gjennomføra og dokumentera praktiske oppgåver
  • Få kunnskap om relevante material, utstyr, tenester og økonomi.
  • Få kunnskap om HMS
  • Læra samarbeid og service, halda orden, samarbeida og følgja etiske normer.

Det er ulikt frå år til år kva fag ein startar på dei ulike trinna, men hos oss i år blir det mat og restaurantfag og bygg på niande og tiande trinn. Elevane kan velja kva for retning dei vil prøva seg på, og det er dobbeltime i faget slik at dei får god tid til arbeidet. På åttande trinn blir det også ulike grupper i ALF.