Tilvalsfag (språk)

Framandspråk

  • Spansk
  • Tysk

Dette gjeld for alle faga (spansk og tysk)

Faga blir vurdert med karakter – elevane blir trekt ut til munnleg eksamen – karakterane tel ved inntak til vidaregåande opplæring – alle alternativa gjev rett til inntak til alle utdanningsprogramma i den vidaregåande skulen.

Studieførebuande utdanningsprogram

  • Elevar som vel eit studieførebuande utdanningsprogram, må ha eit 2. framandspråk. (studiespes, studiespes m/ formgjeving, idrettsfag, musikk, dans og drama, kunst, design og arkitektur, medium og kommunikasjon).
  • Elevar som har hatt språk i 8 -10 klasse, har framandspråk i VG1 og VG2. Elevar utan framandspråk i 8 -10 klasse, må ha framandspråk i VG1, VG2 og VG3.
  • Elevar som vel yrkesfag har ikkje 2. framandspråk
  • I dei studieførebuande utdanningsprogramma vil elevar som må ha framandspråk i VG3 ikkje ha timar til naudsynte programfag.

Vel språk dersom studieførebuande utdanningsprogram

  • Elevar som allereie no veit dei vil velje eit studieførebuande utdanningsprogram bør velje framandspråk på ungdomsskulen.
  • Elevar kan også få studiekompetanse gjennom yrkesfaga.

 

Engelsk fordjuping

Engelsk fordjuping gir elevane moglegheit til å konsentrera seg om område av faget som dei er spesielt interesserte i, eller område dei ynskjer å styrka. Faget skal gi kompetanse utover den obligatoriske engelskopplæringa, og skal ikkje fungera som spesial– eller støtteundervisning. Arbeidet med faget skal bidra til å styrka elevane si totale språkkompetanse, deira evne til å forstå, læra og bruka språk. Språkopplæringa dreier seg også om danning, sosialisering og utvikling av identitet og språk. Faget gir elevane moglegheit til å møta språk og tekst i kulturelle og sosiale samanhengar, noko som vil auka forståinga for språk, språklæringa og innsikta i engelsk kultur