Rådgjeving - søknad og inntak til vidaregåande skule

Her finn du informasjon om rådgjeving i samband med val og innsøking til vidaregåande skule.

På Sund ungdomsskule har Kristin R Midttveit ansvar for karriererettleiinga.

Som karriererettleiar har eg eit særskild ansvar for å informera om vidaregåande skule, og å gjera overgangen dit lettast mogleg. Eg hjelper og til med søkeprosessen, og har rådgjeving med elevar, eller elev og foreldre for dei som ønskjer det.

Kontakt rådgjevar

Ta kontakt med rådgjevar Kristin R Midttveit:
E-post: kristin.midttveit@oygarden.kommune.no
Telefon: 56 12 26 02

Søknadsfrist og ungdomsrett

Søknadsfristen for å søkja skuleplass i vidaregåande opplæring er 1. mars. Du søkjer digitalt på vigo.no 

Når du har fylt 15 år og fullført grunnopplæringa, kan du sjølv velja og søkja vidaregåande skule. Dette heiter ungdomsrett og gjeld frå du har fullført grunnopplæringa, og ut skuleåret som begynner når du fyller 24 år.

Kva omfattar ungdomretten?

  • Ungdomsretten gjev deg rett til tre års vidaregåande opplæring, eller fleire år dersom opplæringstida som er fastsett i læreplanen, er lengre.
  • Når du søkjer Vg1, skal du velje tre alternative utdanningsprogram i prioritert rekkjefølgje. Du har rett til plass på eitt av desse.

Dersom opplæringsløpet du har valt, ikkje passar for deg, har du rett til å gjera eitt omval. Omval tyder at du vel eit anna utdanningsprogram eller programområde enn det du har begynt på. For å ha rett til omval må du ha ungdomsrett. På nettsida til vilbli.no finn du meir informasjon om ungdomsrett

  • Du kan gjera omval til eit lågare trinn, til dømes velja eit nytt utdanningsprogram på Vg1 etter at du er ferdig med Vg2.
  • Du kan gjera omval på samme trinn, til dømes ved å velja eit nytt programområde på Vg2.
  • Ved omval får du utvida tid, slik at du kan fullføra opplæringa. Hugs at omval med rett til utvida tid berre kan gjerast éin gong.
  • Dersom du ønskjer å ta det same utdanningsprogrammet eller programområdet om igjen, er det ikkje eit omval, og retten blir derfor ikkje utvida.

Du kan lesa meir om ungdomsrett og omval på vilbli.no

Nyttige lenkjer