Om oss

Terna barnehage er ein tradisjonsrik barnehage som har vore ein viktig del av lokalmiljøet på Rong i over 30 år. Me er opptekne av at barn skal læra og utvikle seg i trygge og oversiktlege omgjevnader, med eit stabilt og kvalifisert personale. Barnehagen har plass til 100 barn, fordelt på fire avdelingar.

Eit hav av moglegheiter er det me i Terna ynskjer å tilby barna, og på den måten også reflektere at også tida me lever i gjer oss eit hav av moglegheiter.

Terna – fuglen - symboliserer barnet, som i barnehagen biletleg talt reiser ut på eit hav fullt av moglegheiter. Dette er den pedagogiske plattforma vår, og utgangspunktet vårt for arbeidet me gjer med barnet. Saman reiser me ut på havet. Dei vaksne lyttar til det barnet synest er interessant, og barnet får vere med på å bestemme når me kastar garnet som skal fange moglegheitene.

Avdelingar

Namna på avdelingane i barnehagen symboliserer garnet: 

  • Håven
  • Kilenota
  • Snurpenota
  • Trollgarnet

Barnehagen ligg nært opp til Hjeltefjorden arena, dette gjer at mellom anna  vatn-  og symjeopplæring er ein  viktig del av vår kvardag. I årplanen kan du lese meir om satsingsomåda til barnhagen.