Is til alle elevane for super innsats i Mattemaraton

- No har ordføraren kome hit, og i dag er han endå finare enn til vanleg, sa rektor Linda Færestrand då ho framfor heile elevflokken inviterte til isfest saman med ordføraren med ordførarkjede for den framifrå innsatsen Tjeldstø skule viste i Mattemaraton 2023.

Elevårdsleiar Teodor Fjeldstad og ordførar Tom Georg Indrevik framfor elev- og læraflokken på Tjeldstø. - Klikk for stort bileteElevrådsleiar Teodor Fjeldstad og ordførar Tom Georg Indrevik framfor elev- og lærarflokken på Tjeldstø.

Tjeldstø skule vart beste skulen i Øygarden, den beste skulen Vestland fylke og den nestbeste skulen i landet i konkurransen som gjekk over eín månad. Også andre skular i Øygarden gjorde det skarpt. Bjorøy skule kom på andreplass, medan Toftøy skule vart nummer tre. Bjorøy og Toftøy skular har også andre og tredjeplass i fylket. Skogsvåg ligg også inne på 10 på topp-lista i fylket på ein sjuandeplass. Nasjonalt kom Bjorøy på 4. plass.

Både ordførar Tom Georg Indrevik og kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, møtte opp til eit feststemt publikum for å dela ut is til alle elevane og dei tilsette og ein flott pokal.

- Det er veldig flott at alle har vore med på konkurransen. All ære til alle som har delteke, og tusen takk til alle lærarane som har vore med. Det er jo kult at det er denne skulen som var best i år.

- Har det vore gøy, spurte ordføraren og fekk eit rungande ja frå alle elevane.

- Vi hjelper kvarandre

Det var elevrådsleiar Teodor Fjeldstad (7. klasse) som tok imot pokalen frå ordføraren.

- Vi har hjelpt kvarandre med oppgåvene. Det er som å gå på trening og ha eit mål om å verta best.

- Kva var vanskelegast? ville ordføraren vita.

- Dei siste oppgåvene var dei vanskelegaste, sa Teodor.

Avdelingsleiar Elisabeth Gravem Sanden har hatt eit særleg ansvar for Mattemaraton på Tjeldstø skule.

- Det var kjekt at alle har vore med og at vi lærer å hjelpa kvarandre. Alle elevane har fått lodd. Sjuande klasse var best, og dei jobba som galne, sa Gravem Sanden.

For å få lodd på ein anten løysa 200 oppgåver eller gå, sykla, springa eller bevega seg på annan måte i 42 kilometer i løpet av eín månad.

Magnus Oliversen og Teodor Fjeldstad - Klikk for stort bileteMagnus Oliversen og Teodor Fjeldstad

Vi snakka med Teodor Fjeldstad og Magnus Oliversen (6. klasse) som begge har vore sterkt engasjert i konkurransen. På ein av dagane jobba 14 elevar i sjette klasse 23 timar.

- Det vart særleg spennande på slutten når vi såg at vi var høgt opp på lista. Det inspirerte til endå meir innsats, og det vart jobba mykje på slutten. Vi har skrive ned alle aktivitetane i tillegg til oppgåvene som vert loggførte, seier Magnus.

Teodor viser også til at dei fem dagar før avslutninga av konkurransen oppdaga at dei låg godt an på resultatlista.

- Oppgåvene var delte inn i fem nivå, frå lett oppgåve til veldig vanskeleg. Vi har gått lange turar på uteskulen, og nokre jobba på fritida i tillegg til å løysa oppgåver i skuletida. Ein i klassen vår gjekk fire hundre kilometer i løpet av månaden konkurransen varte, seier Teodor som understrekar at konkurransen inviterer til samarbeid.

- Kvifor har de vore så engasjerte i dette?

- Vi opplever meistringskjensle, seier Magnus som har veldig lyst til å vera med på Mattemaraton neste år.

Les meir her.

Her er fleire bilete:

Frå venstre; Marius Sylta, Tom Georg Indrevik, Linda Færestrtand og Elisabeth Gravem Sanden - Klikk for stort bilete
Heile elevflokken - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik og Teodor Fjeldstad - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke