Utleige

Her finn du reglar og rutinar ved utleige.

Sambruk, god utnytting, fellesskap, ansvar og respekt for verdiar er nøkkelord som alle brukarar må ta til seg.

Leigarar skal

  • Halde seg i og ha tilsyn med arealet dei har fått til disposisjon.
  • Berre nytte dagar og tider dei har fått tildelt.
  • Merke seg at utleiga følgjer skuleruta. På dagar elevane har fri og i alle helgar er skulen til vanleg stengd for utleige.
  • Setje seg inn i branninstruksen som gjeld for bygget.
  • Setje seg inn i instruksen som gjeld ved utløysing av innbrotsalarmen.
  • Nøkkelen er koda og vil berre passe for tildelte inngangsdører, brukstider og bruksdagar.
  • Syte for å få gjort reint alt areal dei har nytta, slik at det er bruksklart neste skuledag.
  • Alltid ha god orden i bruksareala, og sjå til at alt utstyr står på fast plass etter bruk.
  • Nytte eige datautstyr dersom ikkje anna er særskilt førehandsavtala med rektor.
  • Slå av lys og låse dører etter bruk
  • Bruke utstyr som ikkje set merke etter seg.

Leigarar er fullt økonomisk ansvarlige

  • For skadeverk dei utøver på/i/ved Tjeldstø skule. Skade skal meldast skulen straks.
  • Ved tap av nøkkel.

Øygarden kommune har ikkje ansvar for skadar eller tap som måtte forkomme ved fritidsbruk av anlegget.

Øygarden kommune, v/rektor har rett til å seie opp leigaren straks om bruken av skulen ikkje samsvarar med dei gjeldande reglane, eller om anna slett åtferd vert utvist på/i/ved Tjeldstø skule.

Utleige av rom på Tjeldstø skule

Her finn de lenkje til bookongkalendar for rom på Tjeldstø skule.