Informasjon frå SFO

Praktisk informasjon

Her finn du praktisk informasjon som gjeld for SFO ved Tjeldstø skule.

Opningstider
Tjeldstø SFO er ope frå kl. 07.00 til skulestart og etter skuleslutt til kl. 17.00.

Henting på SFO
Barnet skal hentast på avdelinga kvar dag. 

Dersom andre skal henta barnet ditt, eller barnet skal heim med andre barn, må vi ha skriftleg beskjed på Vigilo eller SMS på førehand. Dette gjelder også visst barnet er sjuk eller ikkje kjem til påmeldt dag.

Det er viktig at barnet blir henta innan den tida dei har plass på SFO. Ved for sein henting må ein betale kr. 290.- pr. påbyrja halvtime.

Klede/Bytteklede

Dette må barnet ditt ha tilgjengeleg på SFO: 

  • Bytteklede (må fyllast på ved behov) - til dømes sokkar, truser, genser og bukse.
  • Klede til å være ute i - til dømes regnklede, kjeledress, støvlar.
    Til vinteren: fleecesett, vinterkjeledress, vintersko, vottar og lue.

Merk alle bytteklede, ytterklede og skotøy med navn!

Mat og drikke

Barn som nyttar morgon SFO og som kjem før kl 08.00 må ha med seg frukost-matpakke, dersom barnet ikkje har ete heime. 
På ettermiddags SFO et vi kl 13.45 kvar dag. Det er lurt å ha ein matpakke til skulen og ein matpakke til SFO. 

Måndag, tysdag og onsdag: barnet må ha med eiga matpakke
Torsdag: barnet får gryn/havregryn med mjølk på SFO
Fredag: barnet får varmt måltid på SFO

Vi serverer mjølk og vatn til alle måltider. 
Om barnet har med seg gryn i matboksen, får ein mjølk på SFO. 

Kommunikasjon
Vi ønskjer at barna skal trivast og ha det trygt hjå oss. Ta kontakt dersom det skulle vere noko. 

Nr til Tjeldstø SFO: 99216107

Nr til SFO-leiar: 92258806