Kommunen har plikt til å tilby oppfølging av barn som er pårørande.
«Barn som pårørande» brukast om barn under 18 år som har ein forelder eller søsken som er pasient med psykisk liding, rusmiddelavhengigheit, alvorleg sjukdom eller skade. Pasientar med utviklingshemming eller fysisk funksjonshemming omfattast også. Omgrepet brukast også når pasientar dør. «Barn» skal tolkast vidt og uavhengig av formalisert omsorgssituasjon. Både biologiske barn, adoptivbarn, stebarn og fosterbarn omfattast. Det same gjeld for omgrepet søsken.
Kven skal følge opp barn som pårørande?
Helsepersonell i kommunehelsetenesta skal:
- Fange opp barn som pårørande med behov for oppfølging frå hjelpeapparatet
- Tilby rettleiing av foreldre og støtte til barn som pårørande
- Vurdere om det er behov for meir omfattande hjelpetiltak, og tilvise til riktig instans om ein har samtykke
- Samarbeide med skole og barnehage hvis samtykke er gjeve
Kontaktinformasjon
Behandlingsstad: Brukar/føresett kan ta kontakt med helsepersonell i avdelinga.
Helsestasjons- og skolehelsetenesta: Ring 56 16 03 00
Sist endra 14.10.2024 09.03