BarnevernvaktaLytt til tekstenStopp avspillingBarnevernvakta er eit tilgjengelig barnevern for barn, unge og deira pårørande i akutt krise. Barnevernvakta tek imot akutte meldingar kvardag og helg, heile døgnet, heile året. Tilbodet er interkommunalt og er ein del av Øygarden og Askøy kommune si barnevernsteneste. Tenesta har kontor både i Sartor og Kleppestø Storsenter. Barnevernvakta har ansvar for akuttberedskapen på barnevern området for Øygarden og Askøy kommunar og har ope alle dagar frå klokka 08.00 - 20.00. Frå klokka 20.00 - 08.00 når du barnevernvakta på telefon 979 98 300. Når bør eg ta kontakt? Ta kontakt dersom du sjølv vert utsett for eller kjenner til at barn eller unge vert utsett for; vold eller vitne til vold seksuelle overgrep foreldre som rusar seg omsorgssvikt kjønnslemlestelse tvangsgifte Kva skjer når eg tek kontakt? Når du tek kontakt vert følgande vurdert: om situasjonen kan løysast ved hjelp av råd og rettleiing om situasjonen er alvorlig og det bør sendast melding til kommunen barnet bur i om situasjonen er akutt og det bør settast i verk tiltak straks Vidare vil barnevernvakta vurderer om det er best å reise heim til familien det gjeld eller at oppfølging best kan skje hos barnevernvakta. Sist endra 30.11.2022 15.11