Ettervern - Barneverntenesta

Vidare oppfølging frå barneverntenesta etter fylte 18 år.

Ungdom som har hatt hjelp og oppfølging frå barneverntenesta kan trenga støtte i overgangsfasen til vaksenlivet. Dette kalles ettervern og kan gjevast til ungdom mellom 18 -25 år.

Kva betyr ettervern for deg?

  • Når du fyller 18 år seier du til barneverntenesta at du er einig i at det vil vera fornuftig og bra for deg at oppfølginga frå barneverntenesta fortset. Dette kallar vi for samtykke, og det er berre du som kan gjera det for deg sjølv når du blir 18 år.
  • Dersom du vil samtykke til vidare oppfølging frå barneverntenesta, skriv du under ein ettervernskontrakt og eit samtykkeskjema om kven vi kan og bør samarbeide med saman med deg.
  • Deretter vil det saman med deg bli laga eit vedtak og ein tiltaksplan for ettervern. I den står det tydeleg om kva for mål du og vi skal arbeida mot, og kor lenge.
  • Du er hovedpersonen, det er ditt liv, derfor er det viktig at du jobbar saman med oss!

Vidare oppfølging kan vera:

Hjelp til skulegang eller dagtilbod:

  • Hjelp til å få i gang eller stå i eit skuleløp/dagtilbod kan for eksempel vera at vi hjelper til med å ha dialog med skulen, arbeidsgjevar eller anna dagtilbod om det er nødvendig.
  • Målet er at du får ein god og trygg oppfølging når det gjeld utdanning/arbeid/dagtilbod.

Støtte til å meistre kvardagen:

  • Barneverntenesta ønskjer at du skal ha det bra og ha ein kvardag som fungerer godt. Vi vil gjerne støtta deg slik at du klarer dette!
  • Vi vil hjelpe deg slik at du tar vare på dei du kjenner som er gode for deg. Om det er nødvendig, vil vi forsøkje å hjelpe deg til byggje eit godt nettverk rundt deg inn mot overgangen til vaksenlivet.

Kontakt med hjelpeinstansar:

  • Dersom vi saman med deg finn ut at du kan trenge hjelp frå andre enn barneverntenesta og/eller eige nettverk, kan vi hjelpa deg med å kontakte og samarbeide saman med deg med ulike instansar.

  • Dette kan vera skule, NAV, Lånekassen, psykisk/fysisk helsevern eller andre instansar.

Økonomisk hjelp og støtte knytt til økonomi:

  • Økonomisk hjelp kan vera at barneverntenesta bidreg og hjelpe deg i kontakt med NAV eller Lånekassen slik at du får det du eventuelt har rett på.
  • Barneverntenesta kan i nokre tilfelle gje økonomisk støtte til leigeutgifter og livsopphald til ungdommen. Dette kan gjerast i ein overgongsfase fram mot andre løysingar.

Dialog med foreldre og anna familie:

  • Dersom det er ønskeleg, kan barneverntenesta hjelpa med å reparera vanskeleg kontakt og vanskelege relasjonar mellom deg og mor, far, søsken, eller andre.
  • Vi kan også hjelpa med å planleggje treff saman med familien din dersom det er vanskeleg å gjera dette sjølv.

Kva skjer dersom eg ikkje samtykker til ettervern?

Dersom du ikkje samtykker til vidare oppfølging med ettervern frå barneverntenesta, vil du i løpet av dei 12 neste månadene kunne «angre» og dermed ombestemme deg. Ta då kontakt med din kontaktperson!

Barneverntenesta vil uansett ta kontakt med deg innan 12 månader for å høyra om korleis du har det, og om du vil søkja om å bli vurdert for nytt tilbod om ettervern.

Spørsmål

Ta gjerne kontakt med barneverntenesta dersom du har spørsmål.

Barnverntenesta
Telefon 56 16 07 00

Opningstider

Ekspedisjon og telefon

måndag til fredag
kl. 10.00 - 14.00.

Adresse

Sartorvegen 12,
5353 Straume


Postadresse
Ternholmvegen 2,
5337 Rong