Slik er det å vera fosterheim i Øygarden

I Øygarden står vi saman for å ta vare på barna våre. Difor arbeider vi ekstra hardt for at alle Øygardsbarn skal få bu i nærmiljøet sitt, også når dei må bu hos nokon andre enn sine foreldre for ein kortare eller lengre periode. Her kan du lese om vilkår, støtte og krav for fosterheimar.

For dei fleste av oss er det viktig å få bu der vi kjem ifrå. Derfor treng vi fleire fosterheimar i eigen kommune, for dei barna som ikkje kan bu hos nokon frå familien sin. «It takes a village to raise a child», er grunnforståelsen i arbeidet med å ta vare på barn og unge som treng fosterheim. Vi står saman for å sikre at barn som bor i fosterheim skal oppleve ein trygg og kjærleg omsorgssituasjon.

På denne sida kan du lese om å være fosterheim og kva støtte, oppfølging og godtgjersle du får som fosterheim for Øygarden barnevernteneste.

Kva oppfølging får eg som fosterforelder i Øygarden kommune?

Som fosterheim for Øygarden, vil du få ein kontaktperson og ein rettleiar som du har regelmessig kontakt med, og som du kan kontakte ved behov. Med dei kan du drøfte praktiske spørsmål eller ulike dilemma og problemstillingar. Teamet som blir etablert følger opp både barnet, foreldre, fosterheim, skulen/barnehagen og andre involverte personar.  

I starten av oppdraget går de gjennom ein rettleiingsprosess der vi vil bidra til at dykk får ein god start saman med barnet som flytter inn. Vi pratar om relasjonen dykkar til barnet og knyt den opp mot kunnskap på aktuelle tema. Det kan til dømes være å auke forståinga om kva konsekvensar barnet bær etter å måtte flytte i fosterheim og korleis det kan påverke relasjonen mellom dykk. 

De kan få rettleiing både individuelt og i grupper saman med andre fosterheimar. Eventuelle eigne barns omsorgsbehov vil også være eit naturlig tema i rettleiinga.

Som fosterheim er de aktive utøvarar i landsbyen til barnet. Barneverntenesta vil leggja til rette for at alle dei vaksne skal samhandla med utgangspunkt i omsorgsbehovet til barnet. Barneverntenesta vil sikra nødvendige forsterkningstiltak for å sikra omsorgsrammene.

Kva godtgjersle får vi? 

I fosterheimsavtala kan du lese meir detaljert kva du får og kva du forpliktar deg til dersom du takkar ja til å bli fosterheim for eit barn.  

Vil du vite meir?  

Dersom du er litt nysgjerrig, kan du lesa meir om det å bli fosterheim for eit barn i eige nærmiljø, på fosterhjem.no. Du kan også ta uforpliktande kontakt med fosterheimstenesta her.

Nyttige lenkjer

Fleire videoar