Å vera gravid og i jobb er ein heilt naturlig ting, både seint og tidleg i svangerskapet. Graviditet er ingen sjukdom, men ei annleis og energikrevjande tilstand. Det kan difor vere nødvendig å gjera forskjellige tilpassingar i dei ulike fasane i svangerskapet.
Øygarden kommune ønskjer å gjera det som er mogleg for å leggja arbeidsforholda til rette, slik at du kan halda fram i jobben gjennom heile svangerskapet. Medan tilbod om trepartsamtalar ute på arbeidsplassen berre gjeld tilsette i Øygarden kommune, kan dei som ikkje er tilsette i Øygarden kommune likevel få råd og rettleiing frå jordmor om tilretteleggingstiltak på arbeidsplass og bistand til å søkja svangerskapspengar dersom arbeidssituasjonen tilseier det.
- Ifølgje Arbeidsmiljølova § 4-6 har arbeidsgjevar så langt som mogleg, plikt til å leggja til rette arbeidssituasjonen,også for gravide arbeidstakarar.
- Lova seier at arbeidstakar pliktar å vera aktivt deltakande i planlegging og gjennomføring av tilretteleggingstiltak.
- Tiltaket inneber bl.a at du og din næraste leiar med personalansvar saman med jobbjordmor, har samtaler med fokus på deg og arbeidet ditt i løpet av svangerskapet, såkalla Trepartsamtaler.
- Når du har meldt frå til leiaren din om at du er gravid, vil han/ho ta initiativ til den første samtalen så tidleg som mogleg.
- Kartleggjing av arbeidssituasjon og fokus på forebyggjande tiltak blir viktige tema.
- Jobbjordmor vil vere ein fagleg ressursperson for deg og din leiar.
- Det vert lagt opp til tre trepartsamtalar i løpet av graviditeten. Den første så snart ein kjenner til graviditeten.
- Etter det første møtet vert ein individuell oppfølgingsplan utarbeidd.
- Du og leiaren din har eit felles ansvar for at oppfølgingsplanen vert følgd.
- Dersom du ønskjer det, vert planen også sendt til jordmor/lege i svangerskapsomsorga.
- Ved sjukdom i svangerskapet må leiar, jordmor og den gravide saman vurdere kva som er føremålstenlege tiltak. Alternativ kan vere gradert sjukmelding, svangerskapspengar eller tidsavgrensa omplassering.
Sist endra 30.11.2022 15.08