Drop-in-kurs: Korleis støtte engstelege barn?

Kommunepsykologane inviterer til kurs der vi ser på korleis vi kan forstå følelsen frykt og gjennomgår prinsipp frå behandling. Kurset er aktuelt for foresette og tilsette i kommunen som arbeider med barn.

Dato | Tid | Stad

Torsdag 21. november kl. 14.00 - 15.30 | Innbyggartorg og bibliotek på Sartor Storsenter

Det er vanleg at barn og unge opplever engstelse i ulike situasjonar og i periodar. Ofte er dette naturleg utviklingsangst, som varer i ein periode før den slepp taket. Nokre barn treng ekstra støtte frå dei vaksne rundt seg for å handtere engstelse.

Det er ingen påmelding og arrangementet er gratis.

Velkomen!