Barn med spesielle behov 0-6 år
Dersom barnet ditt har spesielle utfordringar, kan han eller ho ha behov for ekstra oppfølging. Dei kan ha rett til spesialpedagogisk hjelp. Retten til spesialpedagogisk hjelp gjeld om barnet går i barnehage eller ikkje.
Slik går du fram
Ta kontakt med PPT gjennom Innbyggjartorget for vidare hjelp. Du kan også kontakta barnehage eller skule.
Tilvisning om spesialpedagogisk hjelp skal fyllast ut i samarbeid med barnehage, skule eller helsestasjon.
PPT gjer ei vurdering av behovet til barnet for spesialpedagogisk hjelp, og gjer deretter råd om kva slags tilbod som bør gjevast.
Vedtak vert fatta av Pedagogisk fagteam. Når barnet ditt har fått vedtak om spesialpedagogisk hjelp, er det Pedagogisk fagteam som utfører hjelpa i barnehagen eller i heimen.
Pris
Spesialpedagogisk hjelp er gratis.
Korleis få hjelp
Du får eit søknadskjema om spesialpedagogisk hjelp ved å venda deg til styrar i barnehagen. Barnehagen kan også hjelpa foreldre/føresette i samband med evt. kontakt med PPT. Søknadene frå barnehagane vert sendt til kommunalsjef for oppvekst i Øygarden kommune.
Her vil PPT hjelpa til med søknaden. Melding om vedtaket vert sendt til kvar einskild søkjar og kopi til aktuell barnehage.
Klage
Du har rett til å klaga om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vera skriftleg og grunngjeven. Han skal sendast til Øygarden kommune, Postboks 184, 5342 Straume. Dersom vedtaket står ved lag, kan føresette senda klagen vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.
Sist endra 25.11.2022 08.42