Foreldrebetaling i barnehage er regulert av forskrifter. Familiar med fleire barn i barnehage betalar mindre, og familiar med låg inntekt kan ha krav på redusert foreldrebetaling.
Kort fortalt
- Du betalar frå den månaden (oppstartsdato) barnet ditt startar i barnehagen.
- Kostnad for mat kjem i tillegg.
- Familiar med fleire barn i barnehage betalar mindre.
- Familiar med låg inntekt kan ha krav på redusert foreldrebetaling.
- Eit vedtak om redusert barnehagebetaling gjeld for eitt år om gongen. Ein må søkja på nytt for kvart barnehageår.
- Du betalar for elleve månader i året. For kommunale barnehagar er det betalingsfri i juli.
Pris for barnehageplass
Makspris for ein barnehageplass vert bestemt av Stortinget. Frå 1. januar 2023 er maksprisen for foreldrebetaling kr. 3 000,- per månad for heiltidsplass. Matpengar kjem i tillegg til det du betaler for barnehageplassen.
Redusert foreldrebetaling
Ordninga gjeld for familiar eller hushaldningar som har låg inntekt. Ei hushaldning skal ikkje betala meir enn 6 % av brutto årsinntekt for eín barnehageplass. Her finn du meir informasjon om redusert foreldrebetaling
Søskenmoderasjon
Foreldre med meir enn eitt barn i barnehage i same kommune skal ha søskenmoderasjon, denne vert berekna slik:
- For første barn må du betale ordinær pris.
- For barn nummer to vert det trekt 30% i søskenmoderasjon.
- Frå august 2023 får du 100% søskenmoderasjon for barn nummer tre eller fleire som har opphald i barnehage samtidig.
Det er ikkje naudsynt å søkja om ordninga, den vert berekna automatisk. Søsken må bu i same hushald. Redusert pris for søsken gjeld ikkje mellom barnehage og SFO.
Ikkje betalt faktura
- Kommunale barnehagar: Manglande betaling for barnehageplass vil medfører at kravet vert sendt til inkasso. Kommunen kan varsle om oppseiing av plassen ved vesentleg mislighald.
- Private barnehagar: I private barnehager gjeld den einskilde barnehage sine vedtekter og reglar vedrørande betaling.
Lovar og reglar
Publisert 20.08.2019 07.44
Sist endra 25.06.2024 10.18