Ofte stilte spørsmål om barnehageplass
Her finn du svar på ofte stilte spørsmål om barnehageplass.
Du takker ja til tilbod om plass på same stad som du søkte plass.
Lenkje til å svara finn du på framsida når du har logga deg inn. Du må logge deg inn via ID-porten.
Du kan søkja om å bytta til ein anna barnehage. Søkjer du om bytte, vil barnet ditt få plass i ny barnehage når det vert ledig plass. Ved overgang til ny barnehage, må du seie opp den gamle plassen.
Tilbod om plass vert sendt til søkjar si digitale postkasse/per post. Det kan førekome at man får tilbod om plass per telefon, før skriftleg tilbod vert sendt. Alle spørsmål vedrørande tilbod om plass må rettast til styraren i den aktuelle barnehagen.
Du vil få tilbod om plass i ein annen barnehage. Ver merksam på at dette berre gjeld om du har svart ja på spørsmålet om du vil ha eit slikt tilbod i søknaden din.
Då kan det ta lengre tid å få barnehageplass. Du har rett på barnehageplass i kommunen, men vi kan ikkje garantera eit tilbod i ein av dei barnehagane som du har prioritert.
- Du kan takka ja til plassen, og samstundes stå på venteliste til ein barnehage som du har prioritert høgare.
- Du kan takka nei til plassen og stå på venteliste til ditt første val av barnehage.
NB! Om du takkar nei, har du ikkje rett til eit nytt tilbod om barnehageplass før neste barnehageår.
Sist endra 13.08.2024 12.41