Viktig å vita før du søkjer
Hovudopptak
Barn med lovfesta rett til plass er garantert eit tilbod ved hovudopptaket, og denne retten er innfridd når du får eit tilbod om barnehageplass i ein barnehage i bustadskommunen. Dette er barn som oppfyller følgjande kriterium:
- Søkjar innan frist 1. mars
- Fyller 1 år innan utgongen av november det året det vert søkt om plass frå
- Er busett i Øygarden kommune når nytt barnehageår tek til i august
Barn som fyller 1 år innan august, har rett på eit tilbod frå august. Barn som fyller 1 år i løpet av september, oktober og november, har rett på eit tilbod frå den månaden barnet fyller 1 år.
Barn utan lovfesta rett vil få tilbod om barnehageplass dersom det er ledig plass når hovudopptaket er avslutta. Hovudopptaket vert avslutta når alle med lovfesta rett til plass har fått eit tilbod.
Lovfesta rett til barnehageplass er oppfylt når du får eit tilbod om plass i Øygarden kommune, uavhengig av om du får tilbod om plass i ønska barnehage eller annan barnehage.
Søk om barnehageplass
Det er same søknadsprosess for kommunale og private barnehagar. Når du søkjer må du logge deg inn med BankID. Du må ha personnummer til deg sjølv og barnet, e-postadresse og mobilnummer. Dersom du venter på personnummer, må du ta kontakt med barnehagemynde på telefon 56 16 00 00
Det er berre den/dei som har foreldreansvar som kan søkje, endra og sei opp barnehageplass. Personopplysningane vert henta frå Folkeregisteret og Kontakt- og reservasjonsregisteret, og foreldra må sørgje for at informasjonen er riktig. Foreldreansvar endrar du inn i Folkeregisteret og kontaktinformasjon oppdaterer du inn i Kontakt- og reservasjonsregisteret.
Foreldre som skal søkje barnehageplass til barn som ikkje har plass frå før, må bruke eiga lenke:
Søk ny barnehageplass
Når plass er tildelt, kan du gjere endringar via Vigilo foreldreportal:
Søk om overføring/endre plasstype i Vigilo foreldreportal
Her finn du:
- Finn aktuelle barnehagar:
- Du kan berre ha ein aktiv søknad registrert
- Du kan ha intil 5 barnehagar i søknad
- Du kan søkje både kommunale og private barnehagar i heile kommunen.
- Nokon barnehagar har tilbod om deltidsplass, men du kan få tilbod om heiltidsplass sjølv om du har søkt om deltidsplass.
- Registrer søknad i søknadsportalen
- Oppgje ønska startdato. Ved hovudopptaket må ønska oppstart være i henhald til krav for hovudopptak, og ikkje seinare enn månaden barnet fyller 1 år.
- Kryss av for ønska prioritering dersom du er i prioritert gruppe, og legg ved evnt. Dokumentasjon ved krav om dette. Ved hovudopptak må dokumentasjon ligge føre innan 1. mars- om ikkjevert søknad behandla utan prioritering.
Logg på Vigilo foreldreportal eller bruk Vigilo mobilapp.
Barn med nedsett funksjonsevne eller vedtak frå barneverntenesta
Krav til dokumentasjon: Skriftleg attest frå lege/psykolog, PPT og/eller medisinske institusjonar som stadfester nedsett funksjonsevne - Vedtak frå barneverntenesta.
Barn i ein vanskeleg livssituasjon grunna sjukdom, sosiale vanskar, eller som av andre grunnar har særlege behov
Krav til dokumentasjon: Skriftleg vurdering frå lege eller andre sakkunnige instansar.
Opptakskrets for kommunale barnehagar er heile Øygarden kommune. Barnet må være busett i Øygarden kommune for å ha rett på tilbod om barnehageplass.
Vedtekter for kommunale barnehagar finner du her.
Private barnehagar følgjer regler for samordna opptak (hovudopptak), men kan ha eigen opptakskrets og kriterium som avgjer korleis plasser vert tildelt. Desse er regulert i den einskilde barnehage sine vedtekter. Du finner vedtekter på dei private barnehagane sine eigne nettsider.
Svar på tilbod om barnehageplass
Svar på tilbod om barnehageplass vert sendt elektronisk til e-post registrert i kontakt- og reservasjonsregisteret. Du må svare på tilbodet i søknadsportalen. Dersom ikkje svar vert registrert innan frist, kan du miste tilbodet om plass, og må evnt. registrere ny søknad.
Første opptaksrundetek til i mars, og held fram til alle som har rett på eit tilbod om barnehageplass har fått eit tilbod, seinast innan mai.
Ved ledig kapasitet utanom hovudopptaket, vert tilbod om plass sendt ut fortløpande. Det er ikkje mogleg å seie noko om kor lang tid det vil ta før du får eit tilbod, då dette avhenger av at det er ledig plass i omsøkte barnehagar.
Lovfesta rett til barnehageplass ved hovudopptaket er oppfylt når du får eit tilbod om plass i Øygarden kommune, uavhengig av om du har fått plass i ønska barnehage. Har du fått tilbod om barnehageplass, men ikkje i barnehagen du ønska, kan du halde fram med å stå på venteliste til barnehagen du har som ønskje nr 1.
Dersom du har barnehageplass, og får tilbod om plass i annan barnehage, må du seie opp plassen du har takka ja til i søknadsportalen.
Takker du nei til tilbod om plass i barnehage du har som ditt 2, 3, 4 eller 5 val, kan du likevel halde fram med å stå på venteliste hos omsøkte barnehagar med høgare prioritet. Du må då krysse av for at du ønskjer å halde fram på venteliste.
Takkar du nei til plass hos barnehagen du har som nr 1, vert søknad sletta og du må søkje på nytt dersom det senare er ønskje om plass.
Takkar du nei til tilbod om plass ved hovudopptaket, kan du risikere å måtte vente til neste hovudopptak for å få eit nytt tilbod.
Dersom du allereide har ein barnehageplass og takkar nei til tilbod om plass frå annan barnehage, mister du ikkje plassen din i barnehagen der barnet allereide har plass.
Foreldre/føresette kan klage på tildeling av barnehageplass. Klageretten gjeld for dei som har rett på eit tilbod om barnehageplass ved hovudopptaket- dersom ein ikkje har fått innvilga sitt 1. eller 2. val, eller meiner det er feil i saksbehandling ved tildeling av plass. Klage vert sendt Øygarden kommune. Dersom du får medhald i klage av barnehagemynde, skal barnet tildelast første ledige plass i aktuell barnehage etter at barn med lovfesta rett til prioritering har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, vert saka sendt vidare til klagenemda i kommunen.
Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage skildrar klageretten og saksgangen til foreldra.
Oppseing, permisjon og endre plass
Oppseiing av plass gjer du i søknadsportalen Vigilo dersom du:
- Har fått tilbod om, og takka ja, til plass i annan barnehage i kommunen
- Ikkje ønskjer vidare barnehageplass
For kommunale barnehagar er det 1 månad oppseiing, rekna frå den 15. påfølgande månad. Regler for oppseiing er gjeldande frå foreldre/føresette har takka ja til plass. Private barnehagar kan ha lenger oppseiingstid, sjå barnehagen sine vedtekter.
Nokon private barnehagar krevjar at det i tillegg vert sendt skriftleg oppseiing til barnehagen. Sjå barnehagen sine vedtekter.
Vanlege reglar for oppseiing og betaling er gjeldande sjølv om plass ikkje er teken i bruk.
Du seier opp barnehageplass i Vigilo. For å logge deg på foreldreportalen, gå inn via Vigilo, Øygarden kommune. Her logger du deg inn med IdPorten. Du vil då få opp fanen «Foreldreportal». Under menyvalet «barnehageplassar» vil du finne barnet si plassering og ein knapp der det står «oppseiing».Det same gjeld dersom du skal søkje om endring av opphaldstid eller endre på søknad.
I kommunale barnehagar er det høve til å søkja om permisjon eller utsett oppstart av barnehageplass for minimum 3 månader og maksimum 12 månader. Kriteria for betalingsfri permisjon er at barnehagen har søkjarar som kan nytte plassen i permisjonstida. Frist for å søkje permisjon er den same som ved oppseiing av plass. Oppstart når permisjonen er over kan skje når det er ledig plass i barnehagen. Ved permisjonar som avvik frå barnehageåret, kan det bety at det ikkje er ledig plass når permisjonstida er over. I desse tilfella kan det skje at ein få tilbod om plass ei periode før eller etter at permisjonstida er over, eller eventuelt i ei anna barnehage.
Ved alvorleg sjukdom hos barn, der barn ikkje kan nytte barnehageplassen over ei lengre periode, kan ein søke om betalingsfri permisjon etter samtale med styrar. Fråværet må dokumenterast.
Private barnehagar kan ha eigne kriterium for permisjon, sjå barnehagen sine vedtekter.