Innhald
1 - Formål
Den enkelte innbyggjar har sjølv ansvar for å skaffe eigna bustad. Formålet med retningslinjene er å gje eit tilbod til personar som av sosiale, helsemessige eller økonomiske tilhøve er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Etter søknad kan innbyggjar få leige ein eigna kommunal bustad, samstundes som det vert arbeidd for at innbyggjar på sikt skal få etablert seg i eigen bustad.
Det skal takast omsyn til born sitt tilhøyr til nærmiljø. Det skal takast omsyn til nærleik til aktuelle teneste.
2 – Kommunal bustad
Kommunal bustad er bustadar som Øygarden kommune disponerer til utleige.
Retningslinjene gjeld ikkje opphald i institusjon, eller tilsvarande bustad med heildøgns bemanning, døgnovernattingsstad eller der behandling eller bu-trening er det vesentlege i avtaleforholdet
3 - Målgruppe
Målgruppa er personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Med vanskelegstilte meiner ein personar som ikkje klarar å ivareta interessene sine på bustadmarknaden på grunn av sosiale, helsemessige eller økonomiske tilhøve.
4 – Kriteria
Søkjar må på søknadstidspunkt:
- Ha lovleg opphald i Noreg.
- Ha budd i Øygarden kommune dei siste 12 månadane. Kriteriet kan avvikast dersom søkjar har særleg tilknyting til kommunen.
- Vere over 18 år.
- Ha låg inntekt og formue som gjer at det ikkje er mogleg å skaffa seg eigna bustad. For å kvalifisere til låg inntekt nyttar kommunen desse inntektsgrensene:
- Husstand med ein person 3,5 G
- Husstand med to personar 4,0 G
- Husstand med tre personar 4,5 G
- Husstand med fire personar og meir 5,0 G - Ha eit manglande, eller utilfredsstillande bu-forhold og som av sosiale, helsemessige eller økonomiske tilhøve er vanskelegstilte på bustadmarknaden.
5 – Prioritering
Dersom talet på søkjarar som fyller krava til kommunal bustad er høgare enn tilgjengelege kommunale bustadar som er til disposisjon, vert det gjort ein heilskapleg prioritering mellom kvalifiserte søkjarar. Ved prioriteringa skal ein leggje vekt på om søkjarane har barn, behovet for kommunal bustad, kva type bustadar som er tilgjengelege, nabolag og anna. Omsynet til ei god og hensiktsmessig utnytting av den bustadmassen som Øygarden kommune har tilgjengeleg skal vektleggjast særleg.
Vedtak om retningslinjene vart gjort av kommunestyret 18.12.2024.